lørdag 31. mars 2007

Grytekluter for mars


Her er gryteklutane til gryteklut analogen i Hubbyforum.
Har laga desse av restane etter spisebrikkene som eg laga til påske i fjor.
Dei er firkanta sjølv om det ikkje ser slik ut på bildet.
Dei er alt i bruk på kjøkkenet mitt.

fredag 30. mars 2007

GAMMELDAGSE GRYTEKLUTER


Har laga eit nytt par grytekluter til hytta. Har blå vegger på kjøkkenet der. Blåfargen er friskare enn det som kom fram på bildet
Fann oppskrifta til desse gryteklutane her
Har strikke mange par av desse i ulike fargar.

Naturfoto uke 13





Her er mitt bidrag til Naturfoto. Bilde er tatt utfor huset der besteforeldra mine budde. Det blomstra fint i hagen der sjølv om det er 10 år sidan det budde nokon der. Ein krokus som veks rett ut frå eit tre.

tirsdag 27. mars 2007

VÅR



Sat på altane i over ein time og strikka, herleg tempratur og sol.
Var ein tur nede i hagen og såg på alt som spira.Fekk lyst å begynne å rydde litt.

søndag 25. mars 2007

Solnedgang


Det har vore ei nydeleg helg. På veg heim såg vi ein nydeleg solnegang. Vi såg den runde sola forsvann litt etter litt i havet. På bilde her er like før den tekt havflata.

fredag 23. mars 2007

Sjalet til sjalanalogen.


Endeleg ferdig med sjalet til sjalanalogen for mars 2007 i Hobbyforum. Har strikka sjal i Vivaldi. Brukte to nøster. Eg hadde berre att 50 cm av garnet, når eg var ferdig.

mandag 19. mars 2007

Firkanttøfler


Dei blei litt vide men gode og varm. Har strikka dei i eit mjukt ullgarn som eg fann på Europris, måtte tove dei to ganger på 60 grader før eg vart fornøgd med størrelsen.

tirsdag 13. mars 2007

Mykje jobbing og lite handarbeid dei fyrste dagane denne veka


Har strikka litt på sjalet som eg held på med i Sjalanalogen mars 2007 på Hobbyforum. Strikker det i Vivaldi frå Garnstudio . Dette er handarbeidet som eg har med datamaskina så eg strikker mens eg jobber.

lørdag 10. mars 2007

Leggvarmarane er ferdig


Ferdig med leggvarmarane. Får ikkje fram den fine djupe lilla fargen på bilde.
Er byrja å strikke hanskar til samme sett .Har bestilt garn til lue og sjal og.

Godt med lørdag

Her er jakka som eg skreiv om i bloggen sist.
Falt helt for dette garnet. Det var så mjukt og eg likte fargen. Det er sikkert varmt og ( alpakka ).
. Dette er TV- strikket mitt så det går ikkje så fort framover ser lite tv stortsett berre ei nyhetssending for dag.








Var og leita etter stoff til grytekluter for mars, tenkte eg skulle lage nokre av påske stoff . Når eg leita etter påskestoff i stoffskapet mitt fann eg denne spisebrikka den mangla berre lukkekant så då sette eg på den.

Fann mykje anna stoff som eg fekk lyst å begynne på ...

Fann stoff til tre ulike par grytekluter så eg driv og tenkjer kva eg skal sy , kanskje blir det alle tre.

mandag 5. mars 2007

Slutt på vinterferien


Er snart ferdig med leggvarmarane. Her er bilde av fyrste.
Den er strikka i alpakka med helklekant i Plumet. Mønster frå Rauma Ullvarefabrikk.
Har vore på vinterferie i Romsdalen og Trondheim så det var naturleg med ein tur innom Rauma Ullvarefabrikk; kom utatt derfrå etter eit par timar med to plastposer med garn + to hefter med mønster for alpakka garn. I Trondheim var eg innom eit par garnbutikker så det blei litt garn der og.
Byrja og å strikke på ei jakke i Pillpi eit spennende alpakka garn som eg fann på Rauma. ( bilde kjem seinar)
Alle sokkane frå bloggen her fekk nye eigarar i ferien + to nye par som eg strikka i løpe av ferien.