tirsdag 31. juli 2007

Julibilde Naturbilde



Måtte bli ei av rosene mine som blei julibilde. klikk på bildet og du får eit større bilde.

søndag 29. juli 2007

Er dei ikkje søte?


Desse to passer vi. Dei er kjempe snille men to heilt ulike ikkje berre av utsjånad, men og lynne

lørdag 28. juli 2007

Helg.

I dag har eg strikka ferdig eit par labber. Eg var på veg til eit møte i Sondal tidleg i sommer. På veg frå busstasjonen til hotellet gjekk eg forbi ein koseleg handarbeids butikk, og der måtte eg sjølvsagt inn. Kjøpte 4 nøster garn 2 som eg har strikka desse av og to i gule og brune fargar.Garnet heitte Calefornia SALIDA. Det er fyrste gangen eg har strikka i det. Det stod pinner 2-3 . Eg brukte nr.3, men neste gang trur eg at eg vil bruke 2,5 .
Her er nydeleg strikke og inne veir i dag. Det bles og hyljar ned. Regner vannrett. Men no letter det opp og det er heilt stilt så kanskje det blir ein fin dag i morgon.
God helg til alle som stikker innom!

lørdag 21. juli 2007

Sommer i hagen





Dei siste dagane har det vore nydeleg veir her. Eg har brukt mykje av tida min ute i hagen og stelt med blomster og klippa gras. Synest rosene er vakre no. Morelleren er og begynt og modnast no.

Sammenleggbart nett m/ etui.

Det har ikkje blitt mykje sying dei siste dagane men dette blei ferdig i dag.

torsdag 19. juli 2007

Grytekluter

I dag har eg sydd lukkekant på desse gryteklutane. Vi har hatt nydeleg veir i dag så eg har tilbringa mesteparten av dagen i hagen. Var ein liten tur på hagesenteret. Skulle kjøpe ei lita grønn plante til eit bed som eg held på å reinske ugras i. På hagesenteret hadde dei salg så det blei to grønne planter + 4 roser til halv pris.
No har eg gjort klart eit nytt sammenleggbart nett som eg skal til å sy på.

Kveldstur.

Var på ein liten kveldstur langs vatna. Her har vore nydeleg veir i dag. Tok mange bilder synest dette var bra. Anda som svømmer mellom vannliljene , mens godveirskyer og trea på andre sida av vatnet spegler seg i vatnet.

Samanleggbar handleveske.


Har sydd ei samanleggbar veske med etui. Bildet blei ikkje så bra. Veska og for er batikk stoff. Etuiet er sydd av samme stoffet. Topp og botn i etuiet er sirkler. Mønster frå " Lek med lapper året rundt". av Grete Gulliksen Moe

tirsdag 17. juli 2007

Ferie!


Nyter ferien med små turer og mykje handarbeid. I dag har eg klipp ut ein del ting some eg skal sy. Var ein tur på byen og kjøpte glidelås til sminkepungen. På veg heim gjekk eg forbid eit vatn med vannliljer. Det var så nydeleg. Ønska at eg hadde med fotoaperatet, men det var heime. Gjekk ein tur til vatnet i kveld men då var berre ei vannlilje åpen. Håper på lysare veir i morgon. Sydde ferdig sminkepung nr.2 med bjørner i kveld.

mandag 16. juli 2007

Sminkepung.

Samme mønster som den forge, men i andre stoff.

søndag 15. juli 2007

Sokker.

Har vore ein tur på hytta med helga. Lørdag kveld og sundag regna det så då er det kjekt å ha med strikketøyet.

fredag 13. juli 2007

Veske og sminkepung


Ferdig med veske og sminkepung.Sat og kikka i Lise Bergene "Lapper -Stort og småt" . Likte veldig godt veskene i den boka, då kom eg plutseleg på eit stoff eg kjøpte for fleire år sidan. Så eg fann fram stoffet. Det var faktisk 5 stoff som passa saman. Eg gjekk ut frå sirkelen i bunne på hjerteveska av Lise Bergene.
eg rekna ut side kantane på veska utfrå det.Eg laga fire store felt og 8 små. På orginalen var det 6 av kvar.Var innom bloggen til senorita og såg korleis ho hadde laga "Annas sminkepung" av AnnAKa. Det gav meg iden til denne sminkepungen, det er den minste av sminkeungane sydd etter mønsteret, men fram og bakstykket er berre to heile stykker. Denne pungen var kjempe enkel å sy, så det blir fleire av den .

torsdag 12. juli 2007

Fint sy - veir.


Har gjort ferdig dette paret med gryte kluter i dag. Eg har og klippa ut ei veske + eit par sminkepunger. Måtte ein tur til butikken for å kjøpe innlegg til veska + glidelås til ein av sminkepungane. Fann no litt meir når eg var innom sybutikken!

onsdag 11. juli 2007

Toalettveske



Var på sybutikken i går. Skulle berre kjøpe knapper og snorer til eit par gryte kluter, men fann eit fint mønster frå AnnAKa." Stor + Liten". Så når eg kom heim i går sydde eg denne toalettveska. Stoffa fann eg i stofflageret mitt
Laga bakstykket i eit stykke hadde ikkje lyst å klippe sund dette englestoffet. På mønsteret skulle det være applikasjon på midtfeltet framme, men eg brukte englestoff i staden.

lørdag 7. juli 2007

Roser


Har hatt ein tur i hagen med fotoaperatet i dag og tatt bilde av noen av rosene mine. Synest roser er nydelege. Den kvite er ei gamaldags rose og blomstrer berre ein gong.Den har ei svak duft. Den heilt lyse gule( den øverste gule) er den av desse som lukter best, ein svak parfymeduft som er heilt nydeleg. Alle bortsett frå den kvite blomstrer heile sommeren og langt utover hausten. Eg har plukka blomster frå alle desse i desember.


Tur til Trondheim


Tok dette bilde på ferjekaia på Liabygda mens vi venta på ferja til Stranda. Synest det var eit nydeleg lys.
Det blei litt meir garn og tøy i Trondheim, hadde bestemt meg for ikkje å kjøpe noko, men det er så mykje fint. Fann ein strikkebutikk på City Syd.
Så no har eg lenge godt arbeid. Men fyrst må eg Gjere ein innsats i hagen, den treg både vann og litt stell.

søndag 1. juli 2007

Grytekluter mai.


Litt seint kjem grytekluten for mai. Eg har hatt det så travelt at denne berre har blitt liggande. Her har eg for fyrstegang prøvd papirsøm og det blir ikkje siste gangen.
Mønsteret fann eg i eit Quiltemagasin, fargane for mai skulle være rødt, kvitt og blått. Tøyet kjem som vanleg frå mitt stofflager.