

Synest denne kveldsstemninga var fin.
Bilde er teke frå Storåsen i Florø.

Denne tunikanen har eg jobba med den sidan i vår. Har ikkje strikka på den kvar dag, men den har lagt her med dataen og eg har strikka litt jevnt og trykt på den. Oppskrifta er frå Rauma Alpakka 5. Eg kjøpte garnet i Trondheim i vinterferien . Fann ingen foretninger der som hadde alpakka ( Inca) frå Rauma så eg fekk anbefalt Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka. Har strikka den med det, det gjekk svært bra med strikkefastheita, men eg brukt litt meir garn i enn det som står i oppskrifta. Har strikka den med pinne 2,5 og 3. Så det var deilig å strikke sjalet under på pinne 6. Synest ikkje dette garnet var så godt å strikke med som Inca, men det var mjukt og fint. Dobbel klikk på bilde for å sjå mønsteret.
Blenda likar svært godt å "hjelpe" til med handarbeid.