
Har tova eit par firkanttøfler i dag. Dei er like store sjølv om det ikkje ser slik ut.
I går var eg hos tannlegen. Kontoret til tanlegen ligg rett over gata frå stoff-butikken. Så eg måtte ein liten tur inn der når eg kom frå tannlegen. Det var salg på stoff . Så stoffa bak er kjøpt på tilbud. Dei framme er ordinærvare. Synest det stoffet med duer var fint . Tenkte eg skulle lage julestrømper av det + julestoffet med kvite roser på.
Eg har hatt 4 travle veker no så det har ikkje vore mykje oppdatering på bloggen min. Nytt skuleår er altid travelt i starten, men i år har det vore ekstra travelt. Alle lærebøkene var ikkje på plass så det blei mykje kopiering. Vi har og hatt ein del dataproblem så laging av planer o.l tok eksra mykje tid.