mandag 31. desember 2007

Godt nytt år .!


Ønsker alle som er innom bloggen min eit riktig godt nyttår!

onsdag 26. desember 2007

Tussi synest ho var ei fin gave.


Laga nytt lappeteppe til dvergveddlane etter sist jul, men dei foretrakk teppet til juletreet i år og. Tussi kosa seg blant pakkane. Det var no litt godt å smake på juletreet og. Ønsker dere alle ei fortsatt god jul.Her hos oss er det fint inneveir, med storm og litt regn.

tirsdag 25. desember 2007

Julehelg

Desse to står ute og helser alle som kjem på besøk til oss velkommen. De greidde seg gjennom stormen natt til julafta og styggeveiret på julafta ( står under tak på nordsida og stormen kom frå sørvest)
Laga dekorasjon til bordet av roser(kjøpt på butikken) + grønt frå hagen.
Var på tur i dag og tok dette bildet frå Storåsen.( nederst)

fredag 21. desember 2007

Einaste heimelaga julegava i år.

Har strikka eit sjal til mor min til jul . Det er einaste heimlaga julegava eg har laga i år.

søndag 16. desember 2007

3.dje sundag i advent

I dag har eg laga mykje konfekter eller kokusstenger. Laga av eit og eit halvt kilo melis så eg brukte over 3 timar på dei. nokre av dei skal vi ha til jul og nokre skal eg gi bort .
Eg blitt fredig med to sjal og denne helga.
meste parten av helga har gått med til retting.

søndag 9. desember 2007

Sjal + advent pynting

Her er eit sjal som eg har laga. Det er strikka i alpakka og mohair så det blei tjukt og mjukt.
Viser litt av advent pynten som er komen på plass var og plukka eine i dag, synest den er så fin til dekorasjoner.
Vi ser og to av adventsdukane mine fargane er ikkje gjengitt så bra. Den runde er bretta ( trekantr som eg har sydd saman for hand. Samme teknikk som eg bruker til grytekluter.
Den andre laga eg etter eit mønster i Familien i fjor. Det var ein jule duk med pepperkake hus.
Dei mørke lilla stripene i duken er silke og gir ein flott efekt som ikkje kjem fram på bildet




2. sundag i advent

I dag har vi hatt ein nydeleg dag. 1. Bilde er soloppgang sett frå Atløya. Andre bildet er rima trer tatt ved Kvammen i Sunnfjor og tredje bilde er solnedgang Sett frå Florø.


tirsdag 4. desember 2007

Sjal

Har gjort ferdig eit nytt sjal det er strikka i Silja fantasi Synest ikkje efekten i garnet blei så fint når det blei strikka, men når eg strakte det ut blei det betre.
Eg legg sjala til tørk på bade golvet.

søndag 2. desember 2007

1 sundag i advent.

I dag er det fyrste sundag i advent , tida går fort. Det har vorte liten oppdatering med meg denne hausten.
I dag har vi vore og sett på julegrana blei tent ,og etterpå kokte vi smultringer. Eg har ikkje hatt tid til å legge på adventsdukane enn, men vi har no tent adventslys.
Blei valgt inn i på Fylkestinget denne hausten, så det har vore mykje papirer å sette seg inni, derfor har det ikkje vorte så mykje handarbeid.
Eg har strikka ein del , fleire sjal og vottepar har det blitt, det kjem fleire bilder seinare.
Her kjem eit sjal som eg har strikka til ei svigerinne som har bursdag neste helg. Måtte legge det på badegolvet for å strekke det skikkeleg. Eg måtte flytte det for å ta bilde, så det blei litt "rynkete" på bildet. Tok eit nærbilde og.

Novemberbildet litt seint



Nokre strå på Storevatnet i Florø. Vi ser skyene og himmelen spegler seg i vatnet.