lørdag 30. juni 2007

Ein herleg dag i hagen.





Når det vart for varmt til å jobbe i hagen tok eg meg ein tur rundt i hagen med fotoaperatet. Mange av rosetrea står i full blomst no, så det lukter deilig i hagen no. Synest også at kryp fredløs( øverste bilde)er litt fin med sine små fin blomster. Synest det er godt med roser og rhododenron, dei krev lite stell og er fine å sjå på. Eg har noen staudebedd, men det er mykje jobb og halde dei fine. Var på Hagesenteret og kjøpt to nye rhododendron i forge veke, ein var gul med nydeleg duft, og ein var orange med små blomster.

fredag 29. juni 2007

Grytekluter for juni


Her er gryteklutane for juni. Det skulle være noe med grill. Synest desse to var det. Motivstoffet fekk er frå eit av stoffa i stoffpaken som eg fekk frå min nest eldste sønn til 55 årsdagen. Det eg har laga kanter av, er frå stofflageret mitt. Jobber framleis med gryteklutane for mai , men dei kjem litt på etterskudd. Bildet er tatt på utepeisen vår der vi griller mykje i løpet av sommeren.

torsdag 28. juni 2007

Naturbilde juni




Synest løvetann er ein fin blomst.
Frøna er og fine synest eg.

mandag 25. juni 2007

Jonsok


Feira jonsok med grilling, bålbrenning og fisking. Det var varmt og nydeleg veir.Vi var som vanleg på hytta og feira ned ved sjøen. Vi fekk noen makreller når vi fiska. Så i morgon skal vi ha fersk makrell til middag.

torsdag 21. juni 2007

Ferie


Etter veker med sensorering, er det godt å berre slappe av. I morgon skal eg berre gå ute i hagen å små rydde, reinske litt ugras og kanskje strikke litt på eit strikk som eg ikkje har hatt tid til dei siste tre vekene.
Desse siste vekene av skuleåret pleier altid være litt hektiske, men i år synest eg det har vore spesielt travelt.
Blomsten på bilde fekk eg på bursdagen min i april frå ei tante og ein onkel . Den blomstrer framleis, men kvar blomst står berre eit par dager.
Gardinene i bakgrunnen hekla bestemor mi til oss, rett etter at vi flytta inn i huset vårt tidleg på 80 tallet.

søndag 17. juni 2007

Roser

No er rosene begynt å komme i hagen. Denne er den som lukter aller best

søndag 10. juni 2007

Morgonstund i hagen

I dag gjekk eg tidleg ut i hagen med fotoaperatet. Svært mange av rhododendroane står i blomst no. Eg liker godt rhododendroer. Eg samler på ulike sorter og ulike farger. Skreiv tidlegare i bloggen min at eg hadde 21. Eg talde over idag når eg var ute i hagen, det var faktisk godt over 30 trudde ikkje eg hadde så mange ulike. Dei fleste blomstrer i mai / juni. men eg har nokre som blomstrer tidleg på våren og så har eg eit par som blomstrer seinsommer / haust.
No er og rosen begynt å blomstre. Syrinen står og i full blomst no så det er herlege dufter i hagen. Den øverste rhododendroen feller lauvet. Synest denne er svært fin.
Har ein som er nesten make men den har neste brune blomster.

Rhododendro nr 2 har ein helt svak rosa farge som eg og synest er svært fin.
Den siste har skarpare rosa farge, men også denne er lys. Denn siste står rett ut for inngangspartiet vårt, den er svær og og har vore heilt overstrødd av blomster kvart år sidan vi planta den. Den er ca.10 år gamal.

Lilla rhododendroer


Her er fire av dei 12 lilla Rhododendroane som eg har i hagen. Den øverste er den aller lysaste lilla, som eg har. Den er nesten kvit men når den er nett utsprotten ser vi den lyse, lyse lilla fargen godt.
Nr. 2 er den mest vanleg , den som finnes overalt i parker og blir veldig svær.
Nr.3 likner på nr.2, men er mindre i vekst og har litt lysere blomster.
Nr.4. Er den mørkaste av dei her den har og veldig spesiele blomster. Ser ut som ein rysjekant ytterst .

Asalier



Her er tre av mine 5 lauvfellande rhododendroer. Eg tru egentleg det er asaler, men dei er ganske lik rhododeroer. Er dei ikkje fine .Den lysaste rosa ( bak benken ) skulle bli ca. 30- 50 cm stod det på når eg kjøpte den. No er den ca. 1,5 m. Det er så mykje blomster på den at eg ser ikkje eit blad på den.

Nydeleg solnedgang

Ca. halv eleve i kvelden på veg heim frå hytta såg vi denne solnedgangen. Fekk ikkje heil med fargane og stemninga.

søndag 3. juni 2007

Hagevandreing.



I det nydelege veiret i dag var eg ein tur ut i hagen og beundra alle rhododendroane som stod i blomst. Prøvde å legge inn noene bilder her som viser litt av variasjonane,: Det er uendleg mange farege nyanse. Synest alle er fine, men den sitrongule synest eg er litt spesiell. Det er ikkje lett å få alle fargane fram på bilde.