fredag 31. august 2007

Naturbilde August




Synest denne kveldsstemninga var fin.
Bilde er teke frå Storåsen i Florø.

mandag 20. august 2007

fredag 17. august 2007

Ha ei god helg alle sammen.



Orkut & MySpace Glitter Graphics

Her hos meg er det lite handarbeid. Skolestart og Valgkamp tar det meste av tida, men det blir litt strikking og.
Ynskjer alle som stikk innom ei god helg.

fredag 10. august 2007

To sminkepunger til.

Desse har eg gjort ferdig i dag. Det er nesten serie produksjon dette. Finn stadig nye stoff i samlinga mi som eg synest passer til sminkepunger. Desse blir sikkert gaver til ein eller anna.

torsdag 9. august 2007

Ein sminkepung til



Fortsatt mønster frå AnnAKa og stoffet er kjøpt på stoffbutikken i Florø.

Ny sminkepung.

Ein ny sminkepung er ferdig. Har klipt ut mange i dag.

tirsdag 7. august 2007

Sminkepung.


Har laga ein ny sminkepung i kveld, var ikkje heilt fornøgd med fargane. Prøver andre neste gang.

fredag 3. august 2007

Tunika

Denne tunikanen har eg jobba med den sidan i vår. Har ikkje strikka på den kvar dag, men den har lagt her med dataen og eg har strikka litt jevnt og trykt på den. Oppskrifta er frå Rauma Alpakka 5. Eg kjøpte garnet i Trondheim i vinterferien . Fann ingen foretninger der som hadde alpakka ( Inca) frå Rauma så eg fekk anbefalt Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka. Har strikka den med det, det gjekk svært bra med strikkefastheita, men eg brukt litt meir garn i enn det som står i oppskrifta. Har strikka den med pinne 2,5 og 3. Så det var deilig å strikke sjalet under på pinne 6. Synest ikkje dette garnet var så godt å strikke med som Inca, men det var mjukt og fint. Dobbel klikk på bilde for å sjå mønsteret.

torsdag 2. august 2007

Sjal

Blenda likar svært godt å "hjelpe" til med handarbeid.
Dette sjalet har eg strikka i eit garn som heiter ALP DAZZEL. Det var artig og strikk, det var 11 ulike efektgarn som var sett sammen i ei hespe. Det var mange fine grønnfarger men dei kom ikkje så godt fra på bilda. Kjøpte garnet på garnbutikken på City syd sist eg var i Trondheim. Garnet var dyrt, men eg har likevel lyst å strikke fleire. Dette har eg tenkt å gi bort i gave. Garnet kan du sjå her

32 år - års bryllaups dag.


Desse rosene fekk eg av mannen min i dag. Vi har feira dagen saman med alle barna vår. Vi har feira alle bryllaupsdagane sidan vi gifta oss 2. august 1975. Den dagen var like regn full som dagen i dag så eg fekk mange lukke - dråpar i sløret.