onsdag 26. september 2007

Firkant tøfler


Har tova eit par firkanttøfler i dag. Dei er like store sjølv om det ikkje ser slik ut.

mandag 24. september 2007

Eg er blitt tagget

Eg er blitt tagga av elin.71 og miriam og reglane er:
1. Link til den som har tagget deg.
2. Fortell 7 sanheter om deg, litt forskjellig og litt rart.
3. Tag 7 folk i slutten av bloggeninnlegget.
4. Legg en melding i bloggen ders for å si at de er blitt tagget.

7 ting om meg.
1. Har alltid med meg eit strikk.
2 Er mest kreativ seint på kvelden.
3. Bruker altfor myke tid foran pc-en.
4. Når eg skal slappe av koser eg meg med stoff og lappeteknikk.
5. Det verste eg veit er å sitte i ro og ikkje gjer på noko.
6. Held kontakt med familien via MSN.
7. Har problem å legge frå meg spennande bøker. Så eg les som oftast heil boka med ein gong sjølv om det tek heile natta.

Eg tagger : Liv- Toril
baremona, ritashandarbeid, Henrikke, irensol, hobbymusa, ohelene.

onsdag 19. september 2007

Nye kjøkkengardiner


Held på å sy nye gardiner til kjøkkenet. Her er fyrste kappen komen på plass.

tirsdag 18. september 2007

Sjøv sådde blomster og nye stoff

I går var eg hos tannlegen. Kontoret til tanlegen ligg rett over gata frå stoff-butikken. Så eg måtte ein liten tur inn der når eg kom frå tannlegen. Det var salg på stoff . Så stoffa bak er kjøpt på tilbud. Dei framme er ordinærvare. Synest det stoffet med duer var fint . Tenkte eg skulle lage julestrømper av det + julestoffet med kvite roser på.

I dag har det vore nydeleg veir, sette meg ut med te - koppen og avisa når eg kom frå jobb.
Fekk så lyst å vise dei fine stemorsblomstene eg har. Dei har sådd seg sjølv .

søndag 16. september 2007

4 travle veker

Eg har hatt 4 travle veker no så det har ikkje vore mykje oppdatering på bloggen min. Nytt skuleår er altid travelt i starten, men i år har det vore ekstra travelt. Alle lærebøkene var ikkje på plass så det blei mykje kopiering. Vi har og hatt ein del dataproblem så laging av planer o.l tok eksra mykje tid.
I tillegg har eg dreve valgkamp.
Men sjølv om eg har det travelt har eg alltid tid til å strikke. Når eg venter på trege datamaskiner, når eg sit å les innlegg som eg har skreve , når eg ventar på bussen eller når eg ventar på at eit møte eller ein debatt skal starte . Eg strikker og når eg ser nyheiter på TV.
Så i løpet av denne travle tida har det blitt to par labber + eit sjal. Sjalet er strikka i Pelican frå Dale. Eg har helka rundt det med eit sølv garn som heiter London Sinflex. Er litt i tvil om eg skal lage sølv frynser på det men synest det blir litt får pynta då.


lørdag 15. september 2007

Sminkepunger.

Har laga to sminkepunger i dag etter mønster frå AnnAKa. Skal gi dei til ei svigerinne som blir 75 år på mandag.