søndag 25. mai 2008

Epletre i blomst


Har vore ein tur til sommerhuset vårt. Der er det mange frukttre og desse stod i full blomst no. Spesielt fine var epletrea.

lørdag 17. mai 2008

Gratulerer med dagen!

Vi har vore ein tur og sett på barnetoget. Vi har nydeleg veir men litt kald nordavind. Har vore ute i hagen og plukka nyutsprungne syrin. Måtte ha med litt rødt og blått og. No har vi kosa oss med ein kopp te og sjølvbaka lefser og boller. Vi er snart klar for ein ny runde på byen . Borgertoget starter kl. 4, og så er det tale for dagen.

mandag 12. mai 2008

To nye sjal

Har hekla to sjal no i mai. Det grå er kjempestort det har eg tenkt å ha i sommer når det blir litt kjøleg på kvelden. Eg brukte 3 nøster trur det er Vivaldi frå Drops ( fann i garnlageret mitt ) . det i brun og blåfarger er samme garn, mn her har eg berre brukt eit nøste. mønster fann eg hos Muffins Verden .

lørdag 10. mai 2008

Det blomstrer i hagen.



Ønsker alle som stikker innom her ei riktig god pinse. Eg har tenkt å tilbringe store deler av den i hagen.