torsdag 31. januar 2008

Nytt sjal


Dette garnet kjøpte eg i Trondheim for ca. eit år sidan. Syntest garnet var kjempefint, og mjukt. Det er mange farger på det frå fiolett til brunt. I mot settning til sokkegarnet som eg skreiv om tidlegare, så var eg ikkje heilt fornøygd med dette når det blei strikka. Det var mykje finare i nøstet.
Litt vanskeleg farge å bruke,men det er veldig mjukt og varmt så eg kjem sikkert til å bruke det.

søndag 20. januar 2008

Det blomstrer ute i januar

Denne altankassen sette eg på golvet på altanen rett utfor stua fordi den hadde så fine blomster når eg tok den ned. Framleis blomstrer roser og nelliker i den. Lurer på om dei kjem til å blomstre året rundt.Utfor inngansdøra står ei krukke med fine blå klokker, desse pleier å overvintre, men visner ned om vinter. Eg pleier å sett nokre grønne greiner i den om vinteren . I dag oppdaga eg at desse blå klokkene var begynt å blomstre.

tirsdag 15. januar 2008

Godt i gang med par nr.2 av vis2vas sine strømper.


Dette garnet har eg hatt liggande lenge. Synest det var så sterke kontraster at eg trudde det ikkje blei fint. Men det var det fyrste eg fann ( før eg fann dei 9 andre) så eg måtte berre begynne på det. Vart overraska når eg strikka synest det blei bra i strikk. La opp 70 masker som stod i oppskrifta, men det blei litt stort, så neste gang eg skal strikke desse blir det berre 60 masker.

torsdag 10. januar 2008

Fyrste labbe par ....


frå boka til vis2vas. Kjøpte denne boka før jul med mange spennende par sokker. Dette fyrste er Spiralsokker dei er strikka i Tove garn frå Sandnes garn. Trudde eg måtte på butikken å kjøpe nytt garn til neste par, men såg fyrst i garnlageret og der fann eg tråd til 10 par sokker. Utruleg kor mykje garn eg har kjøpt.

lørdag 5. januar 2008

Årets fyrste labbepar

Laga desse ferdig i går. Hele er litt spesiell har lært den av mor mi , Den ser ut som den er maska saman under.Alle labbepara som eg har strikka har fått nye eigarar så no er det berre å begynne på nye.
Har vore utan internett sidan nyttårsafta, så det var deilig å komme innatt på i dag.