søndag 14. september 2008

Nytt sjal

Ei av svigerinnene mine har bursdag på onsdag så eg har strikka eit sjal til henne dei siste dagane. Så dett blir sendt i posten i morgon.
Sjalet er strikka i Mohair Lux. Det er litt meir turkis enn her.

søndag 7. september 2008

Helgeslutt

Sender ein liten blomsterhilsen til alle som stikker innom her.
Den har eg hengande på altanen, synest den er fin og ein helt spesiell rosa farge som ikkje kjem så godt fram på bildet.




Er ferdig med enno eit sjal dette er og strikka i MohairLux. Eit garn eg berre kjøpte fordi eg syntest fargen var fin. Har ikkje bestemt meg enno om eg skal gi det bort eller behalde det sjølv.
















På lørdag var vi på hytta for å male litt. oppdaga vi at mykje av frukta var moden, så når vi var ferdig med malinga plukka vi plommer, pærer og epler. Bildet viser litt av det vi har plukka. Vi delte ut litt til familie på vegen, men vi har rikeleg med oss heim. Så neste veke blir det sikkert litt sylting og hermetisering. Pærene er heilt nydeleg å hermetisere. Men det meste blir nok spist slik det er, vi har stort kjølerom så vi kan ha frukta der ganske lenge, kanskje heile hausten.Kjem til å fryse litt og , godt å ha til eplekaker og desserter resten av året.

fredag 5. september 2008

Nytt sjal


Har strikka eit nytt sjal i Mohair Lux, mønster er det gamle kjente, kan det utenatt no så det går raskt å strikke. Sjal blei sendt i posten til Kongsvinger i dag. Garnet er kjøpt på Kongsvinger i mai. Ønsker alle som stikker innom ei god helg