måndag 29. juni 2009

Kanskje litt feil årstid........

å tenke på labber og peisved. Labbane strikka eg når eg såg TV på fredag og i går. Veden under har far min saga kappa og laga klar til peisen. Far min er 87 år gamal.Han har saga utruleg mykje ved dei siste åra. I løa i bakgrunnen har han store lager med ved.

søndag 28. juni 2009

Nytt sjal

24 juni fylte ei tante 75 år så då strikka eg eit sjal til henne. Laga det ferdig på hytta så det blei ikkje så godt utstrakt. La det vått på ute bordet og strakte det så godt i form som eg greide. let det tørke litt før eg hengde det på snora. Det er strikka i eit garn som heiter Kid - Silk brukte nesten 50 gram av det. Mønsteret er Flower Basket Shawl av Evelyn A . Clark
Eg strikka og nokre kjøkkenklutar men dei ga eg vekk uten å ta bilder av dei.

laurdag 20. juni 2009

Bedre seint enn aldri...

Har vore ute å planta i den store krukka som eg har med inngangsdøra. Tok eit nærbilde av den lyse rosa pelargoniumen min. Synest den var så fin, men den kom ikkje så godt fram på bildet.
Tok utgangspunkt i den og kjøpte alle dei andre etterpå. Ha ei fin helg alle sammen

torsdag 18. juni 2009

Kjøkkenklutar

Greit strikk når eg er på tur eller ser tv. Dei tre øverste har eg strikka til eldste sønnen min. Hos han går det i svart og kvitt + at kjøkkenbenken har samme gråfarge som øverste kluten. Såg at han hadde nokre puter i den grønnfargen som er underst. Så då var fargevalget greit. Den svarte og den grønne strikka eg på nattbussen frå Trondheim. Den grå har eg strikka i går kveld.Så no er desse klar til å sende til Trondheim.
Garnet er frå det eg kjøpte på Rauma ullvarefabrikk på lørdag.
Klutane under strikka eg eit par på vegen opp, og to før eg drog oppover. Dei er av garn som eg kjøpte på Rauma ullvarefabrikk når eg var der i begynnelsen av mai.

onsdag 17. juni 2009

Nesten ferie.....

har berre to dagar att med på jobb før skulen er slutt. Har i tilleg litt planlegging til neste skuleår og litt opprydning, men det tek eg på regnveirsdagar i sommar.
I dag var det 7 av elevane min som avslutt 13- års skulegang med ein kjempefin eksamen i matte.
Liv skreiv i kommentaren at det var kjekt at eg tenkte på dei svake elevane. Det er vel det som er jobben min å ta vare på alle elevar. Dei gongane eg føler at eg har gjort ein god jobb, er nett opp når eg greier å få dei som slit med matematikk til å føle at dei får det til. Det er ofte så lite som skal til for å skjønne kva det heile dreier seg om. Har du fyrst greid det ein gong så er du komen i ein god sirkel.
Eg feira det fine resultatet til elevane mine med ei tur på gartneriet. Har ikkje hatt tid til å plante i krukene mine enno. Kjøpte to røde " Kristi blodsdråper" og ein kvit syntest dei var fin.
No skal eg slappe av og strikke litt, og titte litt inn om blogger. Det har det blitt liten tid til siste månaden





måndag 15. juni 2009

Garnkjøp

Var ein tur i Trondheim med helga. På vegen nord over overnatta vi på Veblungsnes og då måtte vi sjølvsagt ein tur innom Rauma ullvarefabrikk. Skulle berre kjøpe det grønne nøstet i framgrunnen, men det blei eit heilt plastnett som vanleg. Der var to nøster til men dei strikka eg klutar av på nattbussen nedatt frå Trondheim.
Har fått opp eit parti i muntleg mattematikk så i dag og i morgon går mesteparten av kreativiteten min til å lage oppgåver til eksamen på onsdag. Det går utruleg mykje tid til å lage gode oppgåver. Har jobba med det i heile dag nesten og enno har eg berre fått grov forma på dei. Det er mykje å tenke på; både dei flinke og dei dei svake må få vise kva dei kan. Dei skal og gjer det i løpet av 30 min, så eg føler på mange måter at eg må lage eit" kinder egg". Men med over 20 års erfaring så går det sikkert greit denne gangen og.

søndag 7. juni 2009

Hagevandring

Blei inspirert av Muffin i dag til å ta kamera med på vandring. Eg tok ein liten vandring i hagen min for å ta bilder av det som står i blomst. Mange rhododendroer står framleis i blomst, mens ein del er avblomstra. Dei fyrste rosene står og i blomst no. Ikkje alle farger blir like god. Øverste som ser rosa ut er djup rød. Nr 4 er sjokkrosa, og lyser mot meg frå kjøkkenvinduet.



















laurdag 6. juni 2009

Sommer her.

Når vi stod opp i dag tidleg så stod denne flotte blomsten utsprungen. den har hatt knupp ei stund så eg har venta på den.
Veiret var fint og vi tok oss ein tur til sommer huset. Eit gamal hus som har vore besteforeldra mine sitt hus. Der slo vi hagen, bortsett frå noen fine område med markblomster. Bilda mine av enga blei ikkje bra.
Men tok med eit bilde av syrina, den stod i full blomst. Plukka med meg ein kjempe bukett som eg har delt på to vaser her heime, så no lukter det syrin i heile huset.
















Nederst er Rhododendroen som står rett utfor inngangsdøra til huset vårt her heime . Kjøpte den til konfirmasjonen til yngste sønnen min for 10 år sidan då var den ein liten busk på 30 cm med 4 blomster, no er den godt 1,5 m og mange blomster.
Ha ei fin helg!