onsdag 29. juli 2009

kort til baby

Har laga eit kort til ein baby som nett er fødd. det blei litt dårleg bilde av framsida. det er glitter på det blåpapiret som eg laga hjerte av. Trudde eg skulle lage det på eit øyeblikk, men der tok sin tid spesielt det å lime perler til hjerte. tegna hjertet med limstift og så sette eg ei og ei perele på.

tysdag 28. juli 2009

Hagejobbing.



Har vore ute i hagen i dag og jobba den er nærmast som ein jungel. Alt veks meg over hovude. I dag har eg klipt og reinska. Eg har eit par hortensiar som er blitt litt for vide, så eg driv og klipper dei no når dei står i blomst slik at eg tek blomstene inn i vase. Den blanke vasen som dei står i har eg arva etter mormor min . Duken under vasen har ho hekla, ho var kjempeflink å hekle og eg har mange fine hekleduker etter henne. Bildet bak er av barna mine teke for ca. 20 år sidan.
Tok inn nokre røde roser og. Det var så mykje roser at treet hadde problem med å bære dei så eg måtte klippe nokre med meg inn.

måndag 27. juli 2009

Nytt sjal


Har hekla eit nytt sjal. Eg har ikkje strakt det ut enno, så mønsteret kjem ikkje godt fram på heile sjalet. Det er hekla i Plumet frå Rauma og mønsteret fann eg i eit mønster hefte frå Rauma (081). Brukte heklenål 4.5 så det gjekk raskt å hekle. Det gjekk med knapt 50 g ( 2 nøster)

fredag 24. juli 2009

Roser

Dette er ei klaserose som veks inntil veggen, den blomstrer rikt heile sommaren, og lukter godt






















Den nederste rosa synest eg er fin. Den er meir brun enn rød og den er ei av dei største rosene i hagen.
Synest det er herleg og gå ut i hagen og plukke/ klippe ein rosebukett. Ein del av rosene har ikkje likt regnet som var siste veka no.

torsdag 23. juli 2009

Pose til strømpebukser

Har laga to poser som eg har tenkt å henge i kleskapet mitt til å ha strømpebukser i.
Stoffet er i lyst beige med kvite små roser på. Falt for det stoffet, syntest det var søtt.
Har forelska meg i desse gamle bilda. Eg stryker dei på eit kvitt stoff før eg syr dei på. Eg legg ei blonde på kanten av bildet og syr alt på med maskin. Laga to ulike bunnar på posane likte best den med det store bildet.
Laga løpegang i toppen som eg tredde eit silkeband i . Alt som eg har brukt her er kjøpt på
Florø Husflid.

Hadde litt problem med å ta bilda. Det bles her, så dei ville ikkje ligge slik eg prøvde å få dei til å ligge.


onsdag 22. juli 2009

Nye spisebrikker

Har laga 5 nye spisebrikker. Klipte dei ut i vår ein gong. Eg sydde dei i går kveld. Mønsteret fann eg i Quiltemagasinet nr.1/08. Stoffet fann eg i stofflageret mitt. Kjøpte berre stoff til lukkekant. Det fann eg på Florø husflid. Spisebrikkene er laga til bordet på altanen. Har gule puter til stolane der.

tysdag 21. juli 2009

Baby sko

Hadde litt restegarn etter jakka så eg laga eit par sko til babyen og. Det er strikka av ein tråd Plumet og ein trå Rauma babygarn ( rest frå jakka) Kjøpte ein pose med rester av Plumet sist eg var på Rauma Ulvarefabrikk. Det var mange små nøster i blått og kvitt. Eg tenkte at desse var fine til å legge sammen med babygarn. Brukte pinne nr. 3.
Babygarnet er kjøpt på garnbutikken i Florø.

måndag 20. juli 2009

Pose til te-lysa mine


Hadde meg ei lita økt med symasina før middagen. Laga denne til te-lysa mine.

søndag 19. juli 2009

Nye sokker.


Strikka eit par labber til dattera mi i går kveld. Mønster er frå mitt eige hovude. Dei er strikka i Mandarin Petit på pinner nr.3 . Så det gjekk raskt unna. Eg brukte ca. 40 g. garn

Tur til Måløy

Har vore ein liten tur til Måløy i dag. Var innom ein kafe som heiter Måløy Cafe og spiste herlege heimelaga fiskekaker. Så tok vi oss ein tur ut til Vågsberget. Her tok vi oss ein kopp kaffi ute i det fri. Etterpå kjøyrde vi ein tur til Kannesteinen. Ute ved Kannesteinen var det ein kiosk som bl.anna selde fine bilder og frimerker med bilde av Kannesteinen.

laurdag 18. juli 2009

Tur til Bergen


Vi overnatta på eit hotell som var der som Nordenfjellsk og Havnekontoret låg før. Det var artig å sjå korleis den gamle inngangen var blitt ei fin stue. Då eg budde i Bergen for Snart 30 år sidan så var dette ein plass eg besøkte svært ofte.


Tok dette bilde på veg ut over Bryggen i går kveld. Det var ein nydeleg solnedgang.

torsdag 16. juli 2009

Babyjakke

For godt ei veke sidan blei ein liten gut fødd. Så då måtte eg lage ei lyseblå jakke. Var ikkje heilt fornøgd med korleis hjerte randa blei avslutta framme, så dersom eg skal strikke fleire slike vil eg ha heile hjerte framme og ikkje halve slik det var i oppskrifta. Oppskrifta fann eg i eit hefte frå Viking baby. Eg har brukt babygarn frå Rauma.
Har litt garn att så det blir sikkert eit par sokker og.

måndag 13. juli 2009

Bilder frå ein kveldstur.

Var på hytta i helga. Tok ein liten kveldstur rundt middnatt på lørdag . Eg tok nokre bilder på turen. Det var nydelege skyer, og fin utsikt. Ser havtåka kjem sigandes inn.

onsdag 8. juli 2009

Kjøkkengardiner til hytta


Har sydd nye gardiner til hytta, den mørkeblå er kappe øverst, medan dei med seglbåter er gardinen. Stoffet er kjøpt i Florø på Florøhusflid, bomullstoff. Kjøpte først ein 30 cm av begge stoffa, men etter at eg hadde dei med på hytta fann eg ut at desse var fine til gardiner. Vi har skifta ut vindua og sett inn kopier av dei som var i huset då det var bygd. Når vi overtok huset var det 70 talsvindu i det. Legger inn bildet av gardinene når dei kjem på plass

tysdag 7. juli 2009

Babyjakke

Blei ferdig med ei babyjakke i dag. Eg har strika den i Inca alpakka frå Rauma. Låg tre slike nøster i ei tilbudskorg så dei måtte eg ha. Synest fargen er heilt nydeleg. Bilde av heile jakka viser rettast farge. Mønsteret fann eg i eit Dale hefte. Denne skal i gaveskuffa mi, tenkte å lage litt gaver som eg har på lur. Vi har fortsatt nydeleg vær så mesteparten av dagen blir tilbringa ute. Jobber litt i hagen og strikker litt. men no har eg tenkt meg opp på loftet og sy litt.

måndag 6. juli 2009

Litt handarbeid i varmen.

No forsvant sola frå altanen min, så då tenkte eg at det var på tide å gå inn og skrive eit nytt innlegg.
Har strikka eit par sokker i Viking sportsgarn.
Har laga to kluter i bomulls garn som eg har kjøpt på Rauma Ulvarefabrikk. Det kvite var heilt nydeleg, det låg i ein pose med bomullsgarn som eg kjøpte for 20 kr. det var ingen lapp på det men neste gang eg reiser til Raum skal eg inn og leite etter det.

søndag 5. juli 2009

Sommer veske.

Har laga sommer veske til dottera mi. Kanskje ikkje dei fargane som eg hadde valgt, men ho har kjøpt stoffet sjølv så det blei slik som ho ville ha det. Synest igrunnen at den ferdige veska blei bra. Forstoffet hadde ho kjøpt på tilbud så det var eit sort stykke. Trur restane blir til eit par handlenett.

onsdag 1. juli 2009

Nytt sjal

Har strikka / hekla eit nytt sjal. Eg strikka det før 17.mai, hadde tenkt å bruke det over bunaden.
Fekk ikkje tid å lage heklekant på det då, så no har eg hekla kant rundt. Det er heilt enkelt strikka i berre rettstrikk. Til rettstrikket brukte eg eit garn som eg har kjøpt på Rauma Ullvarefabrikk det stod berre partigarn på magebindet. Det var ein blanding av ull og alpaka sa dei som stod på butikken. Heklekanten er laga av 2tr. Gammelserie strikkegarn frå Rauma. Mønsteret fann eg i Familien, men du finn det her og.