Har sydd ei ny veske. Dette stoffet kjøpte eg på stoff og stil for eit par år siden Tenkte det skulle bli ei veske som hadde plass til både bærbar pc og ein rettebunkeog litt til
Laga ein stor lomme slik at eg har plass til litt småting, Sydde også på ein krok til å henge nykkelen i.
malla sin hobbyblogg
søndag 21. april 2019
torsdag 7. juli 2016
Sommersett til 3- åring
Har sydd eit lite sett til ein 3åring
or Kattestoffet og den grå ribben kjøpte eg når eg var i Århus i påska, Stoffet til buksa har eg kjøpt i Florø, Mønsteret til t- skjorta er frå boka HS&J, mønsteret til buksa er frå Ottobre
Buksa er sydd i vanleg fast bomull stoff.
mandag 4. juli 2016
Sommerkjole
Fann eit nydeleg stoff som eg laga snurrekjole til eldste barnebarnet. Regnet hyljar ned ute så eg har tenkt å kose meg på syrommet i dag også. Har mye stoff og mange prosjekter.
søndag 3. juli 2016
Sommerferie er sytid.
Har dei siste vekene hatt besøk av minste barnebarnet det har gitt inspirasjon til å sy litt sumar kler til henne
Sydde to bobyer med kort arm-.
Ein liten kjolebody med kort arm . Her har eg brukt stoffet til halskanting og kanting langs beina.Så sydde eg tre små baby bloomer. Mønsteret fann eg her, www.vivtra.no Dei er sydd i vanleg tynn bomull, No har eg klipt ein snurrekjole st, 6 år som eg skal jobbe med no.
onsdag 2. mars 2016
Votter
Til jul fekk eg Votteboka til Jorid Lindvik. Har strikka ein del av hennar mønster før.
No har eg strikka to par vottar og det blir sikkert fleire. Var på Raumaullvare fabrikk i vinterferien, Kjøpte litt garn til vottar
No har eg strikka to par vottar og det blir sikkert fleire. Var på Raumaullvare fabrikk i vinterferien, Kjøpte litt garn til vottar
søndag 28. februar 2016
To små sett til ei lita jente
Har laga to bodyar med bukser til ei lita jente, Kjekt å sy slike små plagg, Har funnet eit mønster som er lett og sy og som sitter godt på.
Håper på ein fin sundag med handarbeid. Ønsker alle ein fin sundag.
lørdag 27. februar 2016
Eit lite strikkesett i alpakkagarn
Har strikka eit lite sett st. 6 -9 mnd. Mønsteret til vottane er frå Randi,K og mønsteret til resten av settet fann eg i eit gamalt Viking hefte. Gjekk litt seint å strikke med pinner 2 1/2.
Settet gjorde eg ferdig i vinterferien så jenta fekk det då.
Ser fram til ei fin og avslappande helg, Fyrste helga heim ute rettebunkar dette året. Så det blir litt tid på loftet med symaskina,
lørdag 13. februar 2016
Joggedrakt og gensar til ein liten gutt,
Har vore litt på sy rommet dei siste vekene dette er litt av det eg har laga- Ei lita joggedrakt til ein gut som liker å skrue. Han liker også godt Ole Brum Så eg håper gensaren fell i smak.
.
søndag 31. januar 2016
Lue og dukkeklær i Frost stoff
Hadde besøk av ei dukke mamma i nyttårshelg. Dukka hennar trengt litt klede i Froststoff stoffet er plukka ut av dukke mamma og det var bestilling på bukse, lue og gensar,
Sydde to nye luer til dei to eldste barnebarna denne gangen fora eg fri med fleece stoff.
Abonner på:
Innlegg (Atom)