laurdag 21. januar 2012

Kjole m/ lita jakke

Forge fredag begynte eg å sy på denne kjolen. Sette kapper i den i går.
Har i løpet av veka strikka ei lita jakke. Den er strikka i Pillpi eit mjukt og varmt alpakka- garn som eg kjøpte på utsalget til Rauma ullvarefabrikk. Mønsteret til jakka er frå Pt baby nr. 17.
Ønsker alle ei fin helg!



torsdag 19. januar 2012

Fleire strømper og ein ny handarbeidspose.


Har laga ein ny håndarbeidspose. Denne har eg brukt fløyelsband på i staden for blonder.Har også brukt fløyelsband som snor.


Har også strikka to par labbar. Begge para er strikka i Regia garn. Det med striper i gult, grønt, rosa og fleire andre fargar i Soft Color og det andre i "Fire farger". Soft Coller var eit utruleg mjukkt og varmt garn.

søndag 8. januar 2012

Litt ferdig handarbeid i veka som gjekk...

Svigerdatra mi ønska seg posar til handarbeidet så eg lova ho å lage. I jula var vi på Husflidsbutikken i Florø og kjøpte stoff, blonder og strykebilder. No har eg laga to poser til henne
Synest barnebarnet mått ha ein liten pose til sine ting også så eg laga den oliven grønne med gamelrosa band til henne.
Har også strikka litt labba i jula og no etter nyttår dette er eit par som eg strikka til eldste sønnen som blei med til Trondheim. Garnet kjøpte eg i Sverige i haustferien.
Tenkte og eg skulle vise litt bilder frå "utestua" vår som ble ferdig til jul, har jobba på den eit par år. Vi hadde ein loftsaltan som vi hadde problem med lekasje på så vi fann ut at vi skulle bygge den inn nå vi skifta tak for eit par år sidan. Vindua i forkant kan opnast slik at altanen er open når det er sommer og fint veir. Nederste delen blir då rekkverk og øverste tak.

Til slutt vi eg vise eit bilde som eg tok frå altane. Vi hadde nydeleg veir i dag. Eg og mannen min var på ein par timars tur ute i finveiret. Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.

fredag 30. desember 2011

Underlag til kopp/glass.

Rydda litt i ei handarbeidsskuffe fann då mange utklipte underlag til kopp/ glass som eg hadde klippa ut for lenge sidan. Det var berre å sy dei saman og det har eg jobba med i går kveld og i dag tidleg. Kjekk å kunne sette seg ned med det ein har lyst til.
Desse har eg laga svært enkelt. Eit motiv som eg har klipt ut, så litt rester av vatt frå vesker og gryteklutar, tilslutt har eg klipt eit bakstykke som er ca. 4 cm større enn motivet i kvar retning. Brettar mot motivet og fester med små faldesting.
Ynskjer alle eit godt nytt år!




onsdag 28. desember 2011

Romjul

I dag nyt eg ein stille dag i romjula. Eg har vore inneom svært mange bloggar. Dei fyrste julegjestane reiste i dag, men nokre blir over nyttår.
Har gjort ferdig nokr handarbeid no dei siste dagane. To par julegryteklutar, desse er tjukke og god strikka frå mønster og garn frå Rauma ullvaå har eg strikka eit par tøfler i fritidsgarn som eg har tova.


Så har eg har eg sett siste knappen i ei jakke som har leie i nesten 3.mnd. No har eg sendt den til den vesle jenta som eg strikka den til. Den er strikka i Dale babygarn og frå ei mønster bok frå der.
Ønsker alle ei fin og avslappa romjul!

måndag 5. desember 2011

Kort, strømper og grytekluter

Her er litt av det eg har pusla med dei siste dagane.
Eg laga et kort til eit brudepar som skal gifte seg 17.desember.
Eg hadde litt rester av sokkegarn så det strikka eg tre par labber til min lille prinsesse. Godt å ha på kalde dagar.

Tilslutt har eg strikka to par grytekluter til sommer huset mitt.
Mønsteret er frå ei bok frå Rauma og garnet er Pandora frå pt lagt dobbelt.


laurdag 26. november 2011

Nye tøfler og hals

Var ein tur i Romsdalen denne veka i gravferd til min svigerinne som tapte kampen mot kreften. Var ein lite tur innom Rauma ullvarefabrikk før vi dro heim att. Fann eit garn som heite Puno, det er noko av det mjukaste eg har kjendt. Såg at dei hadde laga nokre fine halsar av det garnet, fann ikkje noko mønster, men det var berre ein firkant som var bretta langs diagonalen og sydd saman i diagonalhjørna. Så var det sydd ein knapp på i spissen. La opp 27 masker på pinne 7 strikka til det var eit kvdrat. Fann ein knapp i knappekrukka. som eg sydde på. Det er kjempegodt og varmt!






















Har også strikka tøfler av Jærbo raggi som eg kjøpte i Sverige i sommar. Store nøster med 150 g
Fekk to par tøfler av kvart nøste. På butikken der vi kjøpte det hadde dei strikka vottar av garnet og dei hadde børsta det opp med ein stålbørste slik at dei var lodne. Ønsker alle ein fin fyrste sundag i advent i morgon og ei kjempefin adventstid

søndag 20. november 2011

Etui til rundstrikkepinner og nytt sjal

Fann to runde stoffbiter som kom frå ein kjole som eg hadde på 60 - 70 tallet. Såg at dette var ein fin størrelse til toppen på eit rundpinne etui. Har sakna eit slikt leng, det er alltid vanskeleg å få oversikt over rundpinnane som har lagt ned i ei skuffe. Fann det grønne stoffet i stofflageret mitt; synest det passa bra saman med stoffbitane mine.
Leita etter noko til for og glidelås, men det måtte eg på Florø Husflid for å finne.



Bak på innsida av etuiet har eg laga plass til å tre inn rundpinner, skal skrive nr. på kvar plass. Er plass til rundpinner frå 2 til 9 med alle halve nr. Så no skal det bli orden på rundpinnane mine.
Har sydd heile etuiet med hånd bortsett frå glidelåsen som eg sydde på maskin.


























Har strikka eit sjal til samme garn og samme mønster som det i svart og gråtoner lenger ned.Nærbildet viser dei rette fargane.

tysdag 15. november 2011

Moebius


Stubbetufsa hadde laga mange fine Moebius så eg fekk lyst å prøve å strikke ein slik. Lenke til mønsteret fann eg på Stubbetufsa sin blogg. Strikka denne i Delano som eg kjøpe i Sverige når vi var der i haustferien i år. Eg strikka berre rettstrikk, denne er så stor at dersom eg strekker den ut er den både lue og hals. Artig å strikke så det blir ikke siste.
I kveld går det ned mot null grader, men det nydelege veir held seg. Det var ein kjempefin solnedgang i kveld.

måndag 7. november 2011

Litt små strikk og ein nydeleg solnedgang.

Har strikka litt tøfler i det siste, mens dei fleste para er nesten ferdig så laga eg dette heilt ferdig i går slik at dattera mi fekk det med seg til Bergen i går. Dette er strikka i Oda frå Trysel garn. Mønsteret fann eg i ei strikkebok. desse hadde svært god passform.



Bilder her viser solnedgangen i dag, vi har hatt nokre fine dagar med tempraturer mellom 12 og 16 grader.