Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

onsdag 9. desember 2015

Litt jule kos med symaskina

Forge helg fekk eg nokre fine julestoff hos mor mi som ho hadde i stofflageret sitt, Denne helga fann eg fram stoff + nokre frå mitt stofflager også. Eg hadde ei fin helg med symaskina. det einaste eg måtte kjøpe var det ansiktsfargastoffet til nisse fjes og hender.
Her er resultatet

 litt nærbilde frå to puter som eg laga fråeit stoff som mor mi hadde
 desse fann eg i eit gamalt jule blad synest dei var fine, Laga kvar si til dei to minste barnebarna,
 Laga to forkle med nissemotiv, eit st. 5år og eit str.2 år. mønstera har eg laga sjølv.
Dette stoffet med  nisse bamsar syntest eg var fint.

I dag har eg brukt dagen til eit heil anna handarbeid eg har laga rullepølser to av får og ei av hjort
Ønsker alle som stikk innom her ei fin adventstid.

onsdag 18. desember 2013

Baby dress og litt juleforberedelse

 Har strikka ferdig ein liten dress til lillegutt.( et reisestrikk), Enkel og grei å strikke. Strikka på pinne 4 med ein tråd babygarn og ein tråd Plumet frå Rauma. Mønsteret er frå Myk start av May B. Langhelle. Mange fine, enkle modeller med god passform  i den bok.

 
Med helga var vi ein tur på feriehuset vårt. Var å kikka i farmor si julekasse der fann eg denne fine gamle engelen som eg hengde opp på gardina.

 Hengte også opp julestjerne og pynta litt til jul.
Mor mi hadde vore på julemesse og kjøpt dette fine " trekk " til å ha på eit drikkegass med telys i. Det blei kjempefint med lys i. Fekk dette hos mor mi så no står det på bordet her og lyser fint.
I dag har eg fri. Herleg med ein fri dag etter ein svært travel haust. Har to bunker med rettearbeid så eg er ikkje heilt arbeidslaus. Men i dag har eg tenkt å bake til jul, blir nok ikkje sju sorter her.Får sjå kor mykje eg rekk. Ønsker dere alle ei fin førjulstid.

lørdag 25. desember 2010

God jul!


Ønsker alle ei god jul!

Vi har hatt ei avslappande og fin julefeiring.

tirsdag 29. desember 2009

Hjertelig oppfordring...

Såg på Sido sin blogg ein oppfordring frå Linda om å finne ut kor mange hjerter eg hadde heim. Gav opp å finne ut kor mange eg hadde men her er nokre av dei som finnes rund om i vårt hus. Det øverste er hjerte på utdøra vår.

Så har vi 4 hjerte på julepostholderen vår. Den laga eg for 30 år sidan.



Så har eg 6 julestrømper med hjerte på her er den eine.




På juletreet har eg mange sølv og røde hjerter

På to juledekorasjoner som eg har på stua har eg 12 røde hjerter tilsammen.


Så har eg alle hjerteforma korgene som eg har på juletret

Dette fine hjerte fekk eg hos ein nabo til jul i fjor.

Her er tilslutt to av stoffhjerta som eg har lag mange av. Det finnes fleire av dei rundt om i huset

fredag 25. desember 2009

Julehelg.









I dag har vi hatt ein svært avslappa dag. Sett noen filmar og spist godt og slappa av med litt kaffi no og då. Fyrste to bilda er av bordpynten som eg laga i går. mannen min hadde kjøpt 6 røde roser. Eg var ein tur ute i hagen og klipte litt grønt. Fann litt småpynt som eg hadde liggande.

















Blenda elskar å ligge under juletreet. Det er hennar faste oppholdsplass til vi hiv det ut.
I går var ho svært opptatt av pakkane og passa godt på dei.





Måtte også ha med eit bilde frå den nye vinter hagen vår, sjølv om den ikkje er heilt ferdig. Har sett opp der alle plantene som vi redda inn når snøen kom . De kjenner kanskje att rosa som stod ute å blomstra i kulden. Her er også ein del blomster frå mannen min sin 60 års dag tidlegare i haust. Juleduken med nisser på som ligg på bordet fekk eg av mormor min fyrste jula eg feira åleine med mann og barn. Den duken er 31 år gamal, litt bleik i fargen, men eit kjært minne som kjem fram kvar jul. Eg greide ikkje å heil å la strikket mitt ligge, sjølv om eg er oppdratt til ikkje å jobbe på helgedagar. ( er no berre ein hobby, ser ikkje heilt på det som arbeid) Har sote her ute i vinterhagen med strikket og kaffikoppen, mems reste av familien satt rett innafor og såg video. Ha ei fortsatt fin jul alle bloggvenner.

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

Vil med dette ønsker dere alle ei koseleg julehelg.
Huset har eldste sønnen min baka og pynta.
Han er fast kakehus bakar hos oss.





Bollane under har eg og datra min laga i felleskap, det skulle bli nisser, men lua blei ikkje som planlagt. Vi har sote og kosa oss med boller no.

onsdag 14. januar 2009

Nytt samanleggbart nett med etui, gamal julepynt

I dag har vi tatt ned juletreet. Tok bilde av fyrlykta mi. Denne fekk eg når eg var lita og den hang på juletreet heim. For ein tre - fire år sidan hadde mor min leita den fram og no har vi den på juletreet kvart år. Den er over 50 år gamal.
I kveld har eg sydd eit nytt samanleggbart nett med etui. Det er masse edderkopper på det.

torsdag 25. desember 2008

God jul

Ønsker dere alle ein god julehelg, med bilder av kakehuset vårt og bilde frå " frunsj- bordet" vårt i dag tidleg.
Kakehuset har eldste søn min laga. Det har sin faste plass på kjøkkenbenken kvart år det samme har samlinga av nissane som ungane har laga når dei var små.

onsdag 17. desember 2008

Kokosmakroner i boks

Har laga dobbel porsjon kokosmakroner i dag. Eg har mange kakebokser, men denne falt eg for når eg var ein tur innom nille for eit par dager siden.
I dag har eg hatt ein "fridag". Eg starta dagen med å skrive kort til slekt og venner. Måtte lage litt fleire kort. Så hadde eg og mannen min oss ein tur på byen så no er vi så å seie ferdig med julegavene. Så no står det att og lage pepperkaker , krumkaker og å pynte huset.
Ute regner det og vinden uler langs nåva , så her er alt anna enn juleveir, eller kanskje det er nettopp det det er .
Som det viser på bildet så har vi og fått konfekta i boks.


tirsdag 16. desember 2008

Julekort

I kveld har vi laga litt julekort , har blitt så inspirert av alle dei fine korta som ligg ute på bloggane. Desse er ganske enkle. Bilda eg har brukt på dei er bilder som eg sjølv har tatt.




mandag 15. desember 2008

Ei ny julestrømpe og to poser.

Har laga ferdig to poser og ei julestrømpe. No skal vi til å pakke inn gavene som eg har laga. så i dag blir det sikkert ikkje så mykje sying. Mønsteret til julestrømpen er frå AnnAKa.

søndag 14. desember 2008

Julestrømper

Brukte ein del av ettermiddagen og kvelden til å sy. Laga 5 julestrømper, noen skal bli julegave og noen skal vi ha i heimen. Har to til som er klar til å sy sammen. Ser at bilda ikke er heilt klare. Har alltid problem når er tek mot den veggen.No skal vi ha oss ein tur ut i sola. Ha ein fortsatt fin sundag.




søndag 7. desember 2008

2. sundag i advent.


I dag har eg og datra mi bake litt. Dei brune og kvite kakene heiter Silke kaker. Dei er kjempegode. Lokalavisa trykke oppskrifta for noen dager sidan. Dei ringe rundt til oss fylkespolitere og ville ha oppskrift på julekaker . Mitt bidrag var Silkekaker. Reiser på Fylkestinget i morgon så det blir kanskje litt stilt her dei næraste tre dager. Ønsker dere ei fortsatt fin førjulstid.