Til jul fekk eg Votteboka til Jorid Lindvik. Har strikka ein del av hennar mønster før.
No har eg strikka to par vottar og det blir sikkert fleire. Var på Raumaullvare fabrikk i vinterferien, Kjøpte litt garn til vottar
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
onsdag 2. mars 2016
lørdag 27. februar 2016
Eit lite strikkesett i alpakkagarn
Har strikka eit lite sett st. 6 -9 mnd. Mønsteret til vottane er frå Randi,K og mønsteret til resten av settet fann eg i eit gamalt Viking hefte. Gjekk litt seint å strikke med pinner 2 1/2.
Settet gjorde eg ferdig i vinterferien så jenta fekk det då.
Ser fram til ei fin og avslappande helg, Fyrste helga heim ute rettebunkar dette året. Så det blir litt tid på loftet med symaskina,
tirsdag 17. november 2015
Strikka jakke etter gamalt mønster
Fann dette fine mønsteret i mor min sine mønster. Gamle minner om ei jakke som eg hadde når eg var lita dukka fram. Eg syntest danne jakka var svært fin og fekk lyst til å lage den til eit av barnebarna mine. Dette er eit mønster frå midten på 50 talet. 30 øre kosta det då. Det var kjempegøy og strikke jakka. Håper den fell i smak hos mottakaren. Den er strikka pt 5, ei vurdering etter strikkefastheit og fargar.
Her er bildet av meg og syster mi saman med mor vår som hadde strikka jakkene til oss. trur bildet er teke i 1957 då var eg ca. 5år og syster mi var 2år.
Her er bildet av meg og syster mi saman med mor vår som hadde strikka jakkene til oss. trur bildet er teke i 1957 då var eg ca. 5år og syster mi var 2år.
lørdag 14. november 2015
Tog gensar og litt småstrikk
Denne tog gensaren fann eg i eit Familien . Måtte berre strikke den til ein to åring som elsker tog. alt garnet er frå restelageret med babygarn.
Labbar er godt å slappe av med når eg sit og ser tv. Er sikkert nokre små føtter som tren litt varme labbar til vinteren
Labbar er godt å slappe av med når eg sit og ser tv. Er sikkert nokre små føtter som tren litt varme labbar til vinteren
onsdag 22. juli 2015
Eit lite sett,
Har laga eit lite baby sett. sydd ei bukse og strikka jakke og to sett sokker. Sokkane under har eg laga kjempemange av dei sit svært godt på foten. Strikka dei fyrste sommeren for 39 år sidan, når eg gjekk og venta på at min fyrste fødde skulle bli fødd.
I dag har eg rydda litt i garnet mitt. Trur det må bli kjøpestopp ei stund no. Slik at eg får strikka opp litt.
I dag har eg rydda litt i garnet mitt. Trur det må bli kjøpestopp ei stund no. Slik at eg får strikka opp litt.
lørdag 25. april 2015
Prinsegensaren
Fann mønsteret til denne gensaren i eit Familien. Der var gensareen i rødt og kvitt. Eg hadde lyst på litt fleire fargar . Synest det blei meir liv i gensaren når det blei striper. Gensaren er rekonstruert etter den gensaren Kong Harald hadde når dei flykta. under krigen. Trur den blei rekonstruert til ein film. Kjekt å strikke eit mønster med litt historisk sus.
Gensaren er strikka i Viking Sport har berre brukt det garnet til labbar før.
Ha ei fin helg! Hos meg blir det arbeidshelg. Mykje retting og heildagsprøvar som skal gjerast den siste finishen på og trykkast opp før elevane får dei på mandag morgon.

onsdag 22. april 2015
Hønsestrikk
Det er lenge sidan eg har vore innom bloggar no. Fekk ein virus for snart 14 dagar sidan, den har gjort at eg har tilbringa store deler av dagen på sofane. Har strikka litt når eg har orka, men det har ikkje blitt så mykje, Det var ei lita jente som trengte ei ny ullbukse så før påske fann eg fram ein plastpose med rester av ulike babygarn. Det var berre det blå nøste som var eit heilt nøste av alt det andre var berre smårester.
Hadde veldig lyst å strikke hønsestrikk. kjøpte ei bok om det for sirka eit år sidan . Fann også ut at deg kunne søke etter mønster på nettet. Eg har brukt enkelte mønster før, men aldri strikka eit heilt plagg før. Dette var gøy, kjem nok til å bruke desse mønstera mykje meir.
Synest den ser litt trang ut, men har brukt måla til ei bukse som eg hadde mønster til.
fredag 3. april 2015
Grytelapp
Har strikka ein grytelapp frå boka Kluter. Den blei stor og god, veldig bra! Har ein del kluter som eg har lyst å strikk så det blir sikkert meir frå den boka.
På onsdag hadde vi invitert ei ung dame på raspeballer. Denne fine blomsterbuketten fekk eg når ho kom på besøk
Ønsker alle som er innom her ei fortsatt god påske!
På onsdag hadde vi invitert ei ung dame på raspeballer. Denne fine blomsterbuketten fekk eg når ho kom på besøk
Ønsker alle som er innom her ei fortsatt god påske!
mandag 30. mars 2015
Litt småstrikk i påskeferien
Herleg med påske. Sol og fint veir ut. I hagen blomstar påskeliljer og ein del andre vårblomster.
No slapper eg av og nyt ferien med litt handarbeid og turar ute. Venter på sakspapira til fylkestinget rett etter påske så no nyt eg ferien til dei kjem på nettet.
Har strikka labbar til meg og mannen min som TV- strikk. Det er sjelden eg strikkar noko til oss.
Dei er strikka i Viking sport ei godt garn å strikke med, men eg veit ikkje kor slitesterkt det er. Strikkar på pinne nr.5 så det år fort.Ønsker dere ei fortsatt fin påske med mykje godt handarbeid!
lørdag 28. mars 2015
To par Lille kanin votter
Ei travel veke er over. Så no er alle prøver retta og alle politiske møter er ferdig til etter påske. I dag har eg gjort ferdig to vottar som har leie litt og venta på at eg skulle feste nokre trådar og strikke siste tommelen på det blå/ kvite paret. Det blåkvite paret er strikka i to gamle restar babygarn frå Rauma. det er ca. str. 1 1/2 år .
Mønsteret er det samme som i innlegget nedanfor. Det er både sokker og labbar på samme mønster.
Eg har svært mykje på pinnane no så eg må bruke påska til å avslutte litt.
Ønsker alle ei fin påske.
søndag 22. mars 2015
Lille kanin strømper.
Har strikka to par strømper i mønsteret" lille kanin". mømsteret har eg kjøpt p Jorids mønsterbutikk. Dei er strikka i eit tynt sokkegarn. Eg hadde eit melert garn som gjekk i rosa og eit melert garn som gjekk i blå/ grå toner. Eg ser no at mønsteret ikkje kom så godt fram som eg håpa, men håper dei fell i smak for det.
onsdag 4. mars 2015
Dilla på sokker
Lenge sidan eg har vore innom her. Hadde ein fin vinterferie i veke 8. Blei litt mykje kjøyring, men eg strikka nesten heile tida.. Var fyrst på Veblungsnes, Der hadde eg meg ein lang tur innom Rauma Ullvarefabrikk . Kan gå der med god samvet, mannen min besøkt bror sin som bur i eit av nabohus.
Hadde ikkje tenkt å kjøpe så mykje , men det blei no ein full plastpose.
Reiste til Trondheim, hadde ein kjempefin tur over Dovre medan vi høyrde om alle vegane som var stengde lenger sør, Til slutt var vi ei halv veke i Kongsvinger.
På turen fekk eg dilla på å strikke regnbuesokkar frå Hillesvåg.
Strikka tre pakkar i løpet av vinterferien det gjekk ganske raskt.
Av restegarenet etter høstsokkane strikka eg eit litte par sokker til prinsessa. Ho likte godt å få make sokker til mamma. Det var greit å passe dei til etter foten hennar. La opp 32 masker og reduserte med to farger i skaftet.
Har eit par att i blått som eg ikkje er ferdig med, men det blir liggande litt for no held eg på å strikke opp litt rester til votter og labber til dei to små.
No skal eg litt opp på syrommet mitt. Har fri i dag så eg må nyte litt det, men der ligg nokre naturfagprøver og godgjer seg, så må rettast i løpet av kvelden/ ettermiddage.
Ønsker dere alle som er innom ein flott handarbeisddag.

torsdag 29. januar 2015
Ny jakke til farmors prinsesse
Har i lang tid strikka på denne jakka , og no har den lagt sidan før jul før eg fekk montert den og kjøpt knapper til den. falt for denne jakka fyrste gangen eg såg den strikk på Rauma ulvarefabrikk. Jakka er strikka i pt Panda, mønsteret er frå ei baby hefte frå PT ( nr. 11)
Ønsker alle ei fin handarbeidshelg! Hos meg blir det vel mest sying.
Ønsker alle ei fin handarbeidshelg! Hos meg blir det vel mest sying.
tirsdag 20. januar 2015
Labber
Dei siste par vekene har forma vore dårleg. Fekk ein forkjølelsesvirus som har slått meg ut dei to siste vekene. I tillegg har det vore mykje arbeid før semester slutt;. retting og karaktersetting. I dag er forma mykje betre så no har eg tenkt å montere ei jakke. Så har eg ei årsmelding frå fylkestingsgruppa som må skrivast. Og så blir det kanskje tid til å fjerne siste delen av julepynten også.
Har strikka litt labber inni mellom etter nyttår. Para med rosa og lyseblått er strika i Viking Ragg, Svært mjukt godt garn strikka på pinne nr.5 så det gjekk fort. Strikka det små lyseblå medan eg såg Vestlandsrevyen og Dagsrevyen i går.
Det mørkeblå/ grå er Harry Potter Opal. Dei fleirfarga øverst er også i Opal.
Her er eit nydeleg veir i dag så kanskje det blir ein tur ut også.
Var ein tur i Bergen med helga så då blei det ein liten tur innom Stoff og Stil så kanskje det blir ei økt med symaskina også i løpet av kvelden.
Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.
tirsdag 6. januar 2015
Ein flette gensar til lille gutt.
Denne gensaren har vore reisehandarbeidet midt i desember. Den har vore enkel å strikke når eg reiste med buss og bil. Berre ein farge. Mønsteret er frå eit babyhefte (086R) frå Raumaull. Tråden eg har brukt er Pt -baby og Plumet strikka saman. Har montert den i dag og strikka halslinning.
Ønsker alle som er innom ei fin handarbeidsveke!
Ønsker alle som er innom ei fin handarbeidsveke!
onsdag 3. desember 2014
Ny gensar til lillegutt.
Er heim i dag hadde sett av dagen til å lese saker til fylkestinget, men det blir litt anna og inni mellom. Har strikka ein gensar til lille gutt, mønsteret er frå Dalegarn 270 baby. Eit artig mønster å strikke strikka berre med ein farge i gangen.
Ønsker der alle ein fin dag. Eg skal bruke den inne med sakspapirer og handarbeid og litt husarbeid.
lørdag 21. juni 2014
Tur strikket mitt
Endeleg ferie! Det har vore ein svært travel vår. Mange møter , mange reiser og som vanleg ein travel avslutning av skuleåret. I dag fann eg fram sjala eg har strikka på frå påske og fram til no. Desse har eg strikka på buss, bil og fly når eg har vore ute på reise. Eg har sjølvsagt strikka på flyplassar og busstasjoner når eg har venta. Det har vorte 9 store hjerte sjalet Mønsteret er Karin Lace Shawl Charts Av Evelyn. A. Clark. Det brune sjalet er strikka i handmalt garn frå Projo. Det grå/ burgunder er Evilla, resten er Kauni garn.
Ønsker alle ein fin sommer, med mange gode hobbystunder!
lørdag 19. april 2014
Påskeferie
Fyrste delen av påska var det styggeveir med regn og vind, fint veir til å sitte inne å sy i. Sydde fyrst inn bunaden til eldste sønnen. Den var blitt 10 cm for vid. Dette gjekk greit å ta inn. Så brukte eg litt tid til å sy litt til barnebarna.
Jakke med skrå glidelås og jogge dress til lillegutt i samme velurstoffet er eit tynt stoff så det passer fint utover våren.
Kjole i topp av jersy stoff og skjørt av bomull. Eg likte svært godt dette skillpaddestoffet- Eg har hatt det svært lenge i stoff lageret mitt.
Dette er restane etter ein hette kjole som eg sydde til prinsessa . Denne dressen har ei helt spesiell hette. men den kjem ikkje fram på bilde.
Strikkar labbar mens eg ser på tv og når eg jobbar med data, blir nokre par etter kvart. Alle desse fekk nye eigarar i løpet av påska,
Ei sommer bukse til lillegutt
Vår / sommersett til lill
Tunika / kort kjole og munkekappe i velur til prinsessaJakke med skrå glidelås og jogge dress til lillegutt i samme velurstoffet er eit tynt stoff så det passer fint utover våren.
Kjole i topp av jersy stoff og skjørt av bomull. Eg likte svært godt dette skillpaddestoffet- Eg har hatt det svært lenge i stoff lageret mitt.
Denne uglekjolen er sydd av eit uglestoff som eg kjøpte på "stoff og stil" i Trondheim i vinterferien. det lilla strikkestoffet til armene og halskanten, er restane etter ein topp eg sydde til meg for ca.30 år sidan. Alt kjem til nytte; .
Dette er restane etter ein hette kjole som eg sydde til prinsessa . Denne dressen har ei helt spesiell hette. men den kjem ikkje fram på bilde.
Strikkar labbar mens eg ser på tv og når eg jobbar med data, blir nokre par etter kvart. Alle desse fekk nye eigarar i løpet av påska,
No nyt eg livet saman med barnebarna mine og det nydelege veiret som er her no. Ønsker dere alle ein fin avslutning på påska og håpar alle har like flott veir som vi.
mandag 31. mars 2014
Marius dress til lillegutt
Endeleg ferdig å montere Marius dressen. Har strikka på denne sidan i januar, Det var svært vanskeleg å sjå dette mørkeblå garnet. Eg har berre strikka på den i dagslys. Trengt godt lys til å montere den, så det også tok eit par dagar. Eg er ikkje så veldig glad i å klippe i strikk så det tok litt tid å kvi seg til det også.
kjøpte nokre fine små metallknapper som eg syntest passa svært godt i dressen, fekk dei ikkje så godt fram her. Dressen er strikka i SISU og mønsteret fann eg i Marius bok.tirsdag 25. mars 2014
Marius selekjole
Sele - kjolen som eg strikka for litt over eit år sidan var vorten litt forliten, Så no har eg strikka ein ny str. 4 år. Når eg reiste på Venstre samling sist helg trengte eg eit strikk. som var enkelt å strikke på mens eg høyrde på innlegg frå andre. Så eg tok ned nokre rester Lerke garn. Marius strikkebok og ein rundpinne. Under Samlinga vart kjolen nesten ferdig. Strikka den ferdig i går kveld og sydde i knappar. No skal eg til å montere ein Marius dress som eg har hatt i arbeid i snart 3 mnd. Ønsker alle ein fin handarbeidsdag! Håper de har like fint vårveir som meg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)