Viser innlegg med etiketten naturbilde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten naturbilde. Vis alle innlegg

tirsdag 14. januar 2014

Litt av kvart




 På sundag var eg ein tur på Årsmøte i Askvoll Venstre. Hadde ein svært fin tur dit.
Nydelege morgon fargar ute i havet heile tida og med nysnø over alt var det heilt nydeleg. Tok ein god del bilder, men det var svært glatt på vegen så eg greidde ikkje å komme meg så langt frå bilen.


                                            
Denne nydelege blomsten fekk eg på Årsmøtet. Den kjem til å lyse fint opp her når eg fjernar all julepynten i dag. Litt seint ute, men mormora mi sa alltid " at Kyndesmyss Knut drikker jula ut" og "Kyndessyss" er 2,.februar. Så innan den tid skal alt være nedpakka hos meg også. Pleier alltid å ta meg ein tur på blomsterbutikken når eg er ferdig, men det slepp i år. Var så heldig å få denne fine blomsten.  

 Var ein tur innom foreldra mine også på sundag. Fekk desse flotte vottane som mor mi hadde strikka til meg. Hadde ønska meg eit par votter i dette lyse blågrå garnet. Dette garnet har ei spesiell historie. Dette er eit svært mjukt og spesielt tynt ull garn som blei kjøpt på 50/60 tallet for at mormora mi skulle strikke ullundertrøyer  til seg og bestefar. Men på den tida kom det fine tynne ulltrøyer som ein kunne kjøpe ferdige. Så garnet blei liggande. På slutten av 70 tallet då dei to eldste mine var små, strikka mormora mi fine sparkebukser til oldebarna sine. No har mor mi arva resten av garnet, ho har strikka nokre varme ullbukser til oldebarna av det, men i det siste har ho brukt det til å strikke vottar av og eit av dei para fekk eg no på sundag.
Ønsker dere ein fin handarbeidsdag!

tirsdag 15. november 2011

Moebius


Stubbetufsa hadde laga mange fine Moebius så eg fekk lyst å prøve å strikke ein slik. Lenke til mønsteret fann eg på Stubbetufsa sin blogg. Strikka denne i Delano som eg kjøpe i Sverige når vi var der i haustferien i år. Eg strikka berre rettstrikk, denne er så stor at dersom eg strekker den ut er den både lue og hals. Artig å strikke så det blir ikke siste.
I kveld går det ned mot null grader, men det nydelege veir held seg. Det var ein kjempefin solnedgang i kveld.

mandag 7. november 2011

Litt små strikk og ein nydeleg solnedgang.

Har strikka litt tøfler i det siste, mens dei fleste para er nesten ferdig så laga eg dette heilt ferdig i går slik at dattera mi fekk det med seg til Bergen i går. Dette er strikka i Oda frå Trysel garn. Mønsteret fann eg i ei strikkebok. desse hadde svært god passform.



Bilder her viser solnedgangen i dag, vi har hatt nokre fine dagar med tempraturer mellom 12 og 16 grader.

søndag 26. desember 2010

Nytt fotoaperat


Fekk nytt fotoapereat til jul hos "Gullungane" mine. Var ute og prøvde det i dag. Mylje å lære enno, men det blei no bilder.

torsdag 18. november 2010

November ettermiddag

Det var eit nydeleg lys når eg kom heim
jobb i dag. Tok mange bilder, lys og farger er vanskeleg å gjengi. Fekk lyst og dele desse med dere. Ha ein fortsatt fin kveld.




søndag 17. oktober 2010

Haustferien er slutt



Har hatt ein kjempefin haustferie på Kongsvinger.



Det blei ein dagstur til Karlstad. Hadde nydeleg veir.
Litt strikking blei det også . Strika bukse til eit sett og eit teppe som eg har strikka tidlegare. Eit sjal blei også ferdig i løpet av ferien. Siste dagen var eg innom Mauds garn på Lillestrøm. Det blei med ein full pose med garn heim.

















No ventar siste rest av sakspapira til Fylkestinget etter helga.
Ha ei fin hobbyveke alle! Skal stikke innom nokre blogger å skrive kommentarer når eg er ferdig med Fylkestinget. har vore innom ein del i løpet av ferien, men fekk ikkje skrive kommentarer med den dårlege nettdekninga eg hadde.


søndag 20. desember 2009

4.de sundag advent.

Har vore på tur i dag og besøkt foredra min og litt anna familie. Øverste bilde er tek utfor huset vårt i går kveld. Treet med lys på utenfor huset vårt ser ut som ei snølykt.








Bilde nr.2 er teke på turen idag. Det er teke rett før vi kjem til Askvoll sentrum

Bilde nr. 3 er teke utan for Vilnes kirke ned mot sjøen.















Var ute på kirkegården og la ned hjerte på gravene til besteforeldra mine.
Desse hjerta laga av tre kjøpte eg for fleire år sidan. Eg pynter dei med mose, grønt, kongler og roser kvar jul.


I dag har vi spist " skolter " til middag, salta tørka sauehaude. Vi kallar denne søndagen for skoltesundag eller skitnesøndag.

søndag 13. desember 2009

Lucia

I dag har vi kosa oss med lussekatter og tre tende lys.
Eit lite bilde av gårsdagens solnedgang. Tenkte eg skulle lage/skrive litt julekort mens fårerullen koker.

søndag 6. desember 2009

Lefsebaking og solnedgang.

Eg og mor mi pleier ha ein lørdag før jul der vi baker lefser. Eg driv og lærer kunsten. Burde sikkert praktisere det meir enn ein gong i året.

Nydeleg solned gang i kveld.

onsdag 2. desember 2009

Denne fekk eg hos Stubbetufsa. Tusen takk for den.
Eg har lyst til å sende den vidare til
linda . Rita R ,gretashobbyblogg

Troll og Ting, Ruta, Ann Tove og Bestemor Drillo. Aller helst ville eg sendt til alle som står på venstre side på bloggen min. Synest det er så triveleg å titte inn i bloggane.

Legger og ved to bilde av solnedgangen her i kveld.
Ha ei fortsatt fin adventstid.








Serviett holder

No er eg ferdig med serviett holderen som eg vant hos Rita R . Eg var ikkje heilt fornøgd med lukkekanten, men etter litt " dilling" så blir dei ok, men eg tek gjerne mot tips til å få hjørnet pent.
Oppdaga at lillafargen i blomsten var heilt lik ein av lillafargane i duken på kjøkkenbordet. Den mørkaste blåfargen er også i duken.
I dag tideleg var det ein nydeleg farge på himmelen, men batteriet til fotoaperatet måtte ladast opp så det tok ein time før eg fekk ta bildet og då var det meste av rødfargen borte.
Men eg legger inn bildet slik at de kan sjå litt av stemninga.


tirsdag 1. desember 2009

Labber, advent og blomster i snø

Har vore heime i dag, ein heil dag uten noko i avtaleboka. det synest eg er godt. Har pynta litt til advent, rydda litt og aller mest slappa av. Ute er det snø, men rosa og lobeliane i altankassen blomstrer fortsatt. har og festa trådane på eit par labbar.Labbane er strikka i REGIA garn. Øver fortsatt på helen. No skal eg lage middag og nokre kake deige. ha ei fortsatt fin adventstid.

tirsdag 17. november 2009

Kort og roser,

Desse rosene såg eg når eg var ute og tok bilde av sjalet.
Har laga to nye kort i dag. Skulle eigentleg rette og lese sakspapir, men det blei utsett ei lita stund.
No tek eg meg ein tur ut i finveiret før regnet og stormen kjem . Trur det melde storm og regn seinare.

torsdag 12. november 2009

Det blomstrar framleis i min altankasse

Sjølv om det har vore ned mot null grader og litt glatt og rimet ute; så blomstrer det framleis i altankassen.
Fyrste dag på lenge at eg kom heim før det vart mørkt. No er alle prøvane rett og ingen sakspapiere må lesast i kveld. Så i kveld skal eg nesten berre slappe av med strikket mitt.
Kanskje eit sjal blir ferdig?
Ønsker alle som stikker innom her ein fin kveld.

lørdag 24. oktober 2009

Der hav og himmel nesten møtast.

Dette bildet tok eg frå stua vår i kveld rett før det blei mørkt.

tirsdag 28. juli 2009

Hagejobbing.



Har vore ute i hagen i dag og jobba den er nærmast som ein jungel. Alt veks meg over hovude. I dag har eg klipt og reinska. Eg har eit par hortensiar som er blitt litt for vide, så eg driv og klipper dei no når dei står i blomst slik at eg tek blomstene inn i vase. Den blanke vasen som dei står i har eg arva etter mormor min . Duken under vasen har ho hekla, ho var kjempeflink å hekle og eg har mange fine hekleduker etter henne. Bildet bak er av barna mine teke for ca. 20 år sidan.
Tok inn nokre røde roser og. Det var så mykje roser at treet hadde problem med å bære dei så eg måtte klippe nokre med meg inn.

fredag 24. juli 2009

Roser

Dette er ei klaserose som veks inntil veggen, den blomstrer rikt heile sommaren, og lukter godt






















Den nederste rosa synest eg er fin. Den er meir brun enn rød og den er ei av dei største rosene i hagen.
Synest det er herleg og gå ut i hagen og plukke/ klippe ein rosebukett. Ein del av rosene har ikkje likt regnet som var siste veka no.

søndag 19. juli 2009

Tur til Måløy

Har vore ein liten tur til Måløy i dag. Var innom ein kafe som heiter Måløy Cafe og spiste herlege heimelaga fiskekaker. Så tok vi oss ein tur ut til Vågsberget. Her tok vi oss ein kopp kaffi ute i det fri. Etterpå kjøyrde vi ein tur til Kannesteinen. Ute ved Kannesteinen var det ein kiosk som bl.anna selde fine bilder og frimerker med bilde av Kannesteinen.

lørdag 18. juli 2009

Tur til Bergen


Vi overnatta på eit hotell som var der som Nordenfjellsk og Havnekontoret låg før. Det var artig å sjå korleis den gamle inngangen var blitt ei fin stue. Då eg budde i Bergen for Snart 30 år sidan så var dette ein plass eg besøkte svært ofte.


Tok dette bilde på veg ut over Bryggen i går kveld. Det var ein nydeleg solnedgang.