
Har strikka eit nytt tynt skjerf til meg sjølv. Dei fleste tinga eg lagar gir eg bort til familie og venner men dette har eg tenkt å ha sjølv. Oppskrifta fann eg i Maskerade nr. 5. og garnet har eg kjøpt i Bergen på Knappehuset. Garnet er Regia Hand-dye Effect. Eg trur at garnet er beregna for lange strømper, men eg syntest det passa fint til skjerf. Det er tynt og lett og blir nok brukt når det vårast litt.



Vi har hatt fire veker med sol og kaldt veir. Heilt utruleg. Her ut med kysten er det vanleg at snøen regner bort etter ein dag eller to. Trur vi må tilbake nesten 30 år før vi finner ein slik vinter. Hugsa første vinteren vi var i Florø for 31 år sidan, då var det ein slik vinter også.
Fekk ikkje heilt fram krystallane, men spissane var ein to tre cm lange, mange kjempefine krystaller.