Viser innlegg med etiketten Barneklær. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barneklær. Vis alle innlegg

torsdag 7. juli 2016

Sommersett til 3- åring


Har sydd eit lite sett til ein 3åring
or Kattestoffet og den grå ribben kjøpte eg når eg var i Århus i påska, Stoffet til buksa har eg kjøpt i Florø,
 Mønsteret til t- skjorta er frå boka HS&J, mønsteret til buksa er frå Ottobre
Buksa er sydd i vanleg fast bomull stoff.

mandag 4. juli 2016

Sommerkjole

Fann eit nydeleg stoff som eg laga snurrekjole til eldste barnebarnet. Regnet hyljar ned ute så eg har tenkt å kose meg på syrommet i dag også. Har mye stoff og mange prosjekter.  

onsdag 2. mars 2016

Votter

Til jul fekk eg Votteboka til Jorid Lindvik. Har strikka ein del av hennar mønster før.
No har eg strikka to par vottar og det blir sikkert fleire. Var på Raumaullvare fabrikk i vinterferien, Kjøpte litt garn til vottar


lørdag 13. februar 2016

Joggedrakt og gensar til ein liten gutt,


Har vore litt på sy rommet dei siste vekene dette er litt av det eg har laga- Ei lita joggedrakt til ein gut som liker å skrue. Han liker også godt Ole Brum Så eg håper gensaren fell  i smak.
.

søndag 31. januar 2016

Lue og dukkeklær i Frost stoff

 Hadde besøk av ei dukke mamma i nyttårshelg. Dukka hennar trengt litt klede i Froststoff stoffet er plukka ut av dukke mamma og det var bestilling på bukse, lue og gensar,

Sydde to nye luer til dei to eldste barnebarna denne gangen fora eg fri med fleece stoff.

lørdag 12. desember 2015

Litt sying siste veka.


Har i løpet av siste veka sytt litt småting
  Her er eit lite sett st.62 Stoffet blei kjøpt i Trondheim i haustferien har sydd litt frå det før og det er enno ein liten rest att. Mønsteret til bodyen er frå Ottobre. Mønsteret til buksa har eg kjøpt på nettet.
 Dette settet er restane frå kosedyr stoffet . Hadde ikkje stoff til armer og bukse så eg fann eit grått stoff som eg syntest passa i fargane. Einaste ribben som eg hadde som gjekk til alle fargane var svart, Er kanskje ein litt trist farge til til ein baby, men syntest det blei litt stilig.
 Dette stoffet kjøpte eg eigentleg til luer, men syntest det passa fint til buker til ei lita jente,
Så ein lita smekke og  ein tights st, 110 . Desse passer til dei to kjolane som eg viste tidlegare.
I dag får symaskina kvile litt. Eg har tre klassesett med halvdagsprøver i matematikk som må rettast før onsdag så det kjem til å ta mesteparten av fritida mi fram til då. Men blir vel litt strikking innimellom, Ønsker alle ei fin adventstid!


onsdag 9. desember 2015

Litt jule kos med symaskina

Forge helg fekk eg nokre fine julestoff hos mor mi som ho hadde i stofflageret sitt, Denne helga fann eg fram stoff + nokre frå mitt stofflager også. Eg hadde ei fin helg med symaskina. det einaste eg måtte kjøpe var det ansiktsfargastoffet til nisse fjes og hender.
Her er resultatet

 litt nærbilde frå to puter som eg laga fråeit stoff som mor mi hadde
 desse fann eg i eit gamalt jule blad synest dei var fine, Laga kvar si til dei to minste barnebarna,
 Laga to forkle med nissemotiv, eit st. 5år og eit str.2 år. mønstera har eg laga sjølv.
Dette stoffet med  nisse bamsar syntest eg var fint.

I dag har eg brukt dagen til eit heil anna handarbeid eg har laga rullepølser to av får og ei av hjort
Ønsker alle som stikk innom her ei fin adventstid.

mandag 30. november 2015

Har sydd litt denne veka

Denne veka har eg hatt litt tid med symaskina . Har kosa meg med å sy litt til barnebarna
 
 
 Desse små kjolane st.56 er frå Ottobre . Frå nest siste bladet.
Dei to røde kjolane er av eit velur stoff som eg kjøpe for eit par år sidan. fekk ikkje heilt fram den djup røde fargen. Fekk kjoler til begge jentene og ein liten vest til guten av dei siste restane.
 Mønsteret til vesten er frå eit Ottobre blad som kom ut for eit års tid sidan. Gullknappane fann eg i knappeglaset mitt. Så dei har kanskje vore brukt ein gong før.
.
Denne kjolen låg ikkje fint , Tok eit bilde når den hang men det vart uklart. Kappen er rundklypt , mens skjørtet under er trangt . Den er st. 110.

lørdag 21. november 2015

Eit lite sett str. 92

Denne helga er eg så heldig at eg ikkje har noko rettearbeid eller noko anna som eg må gjere , så i dag har det blitt sydag heim hos meg,
 
 
 
 Dette sette har eg sydd i dag, Stoffet kjøpte eg i Trondheim sist eg var der Mønsteret til buksa er frå boka Heilt spesielt og Jubel. mønsteret til gensaren er frå Ottobre.
 
Denne gensaren er sydd etter eit eit mønster frå Ottobre.


tirsdag 17. november 2015

Strikka jakke etter gamalt mønster

 Fann dette fine mønsteret i mor min sine mønster. Gamle minner om ei jakke som eg hadde når eg var lita dukka fram. Eg syntest danne jakka var svært fin og fekk lyst til å lage den til eit av barnebarna mine. Dette er eit mønster frå midten på 50 talet. 30 øre kosta det då. Det var kjempegøy og strikke jakka. Håper den fell i smak hos mottakaren. Den er strikka pt 5, ei vurdering etter strikkefastheit og fargar.

Her er bildet av meg og syster mi saman med mor vår som hadde strikka jakkene til oss. trur bildet er teke i 1957 då var eg ca. 5år og syster mi  var 2år.

søndag 15. november 2015

Luer og dress



 Har sydd litt i løpet av helga det blei eit lite sett til ein toåring stort sett sydd av rester frå andre prosjekt. Mønsteret til buksa er frå bok heilt spesielt og jubel og dei andre mønstera er frå Ottobre blada.

Desse to luene har eg sydd slik at dei kan brukast på begge sider. Dei er sydd i bomulls jersey. Håper desse varmar godt i vinter.

lørdag 14. november 2015

Tog gensar og litt småstrikk

 Denne tog gensaren fann eg i eit Familien . Måtte berre strikke den til ein to åring som elsker tog. alt garnet er frå restelageret med babygarn.
Labbar er godt å slappe av med når eg sit og ser tv. Er sikkert nokre små føtter som tren litt varme labbar til vinteren

mandag 20. juli 2015

Ferietid.

No er det nokre dagar sidan eg har vore innom her. Har vore ein tur til Trondheim via Romsdalen. Var sjølvsagt ein liten tur innom om Rauma ullvare butikk og kjøpte litt garn og mønster. I
Trondheim var eg innom åpninga til ein ny sybutikk. Klar, ferdig - sy. Kjøpte blant anna stoff til gensaren under.
Var også innom tre garnbutikker og stoff og stil så no har eg lenge arbeid.
No med helga var vi ein tur til Kongsvinger og feira 2 årsdagen til ein lite godgutt.

Laga eit lite søskensett som blei med i kofferten .
Håper på ein fin sommer sjølv om det ikkje er ute veir , men flott sy veir.

onsdag 8. juli 2015

Regnveir er fint syveir

Det har vore mykje regnveir i det siste så etter eg fekk ferie har eg brukt ved symaskina.
 
 Har sydd ein kort erma gensar og korte bukse til ein liten gut på snart 2. Synest dette kattestoffet var så fint. Hadde på svarte armer ogsvart halslinning så det skulle passe fint til ein liten gutt.
 Har sydd eit lite sett body og bukse st. 50. Tok bilde før eg strauk det så det er litt krøller her og der. Fekk eit godt råd på facebook om å bruk dampstrykejernet på ribb som krøller seg når eg sy, Det funka svært bra.
Fann eil lite stykke stoff med søte puser i stoff restane min blei ei lita bukse. Trur eg har brukt dette stoffet til toalettvesker før.
Ønsker der alle som er innom her ein fin sommer!

søndag 31. mai 2015

Har sydd barneklær

Litt lenge sidan eg har vore innom her. I mellomtida har eg sydd litt barneklær og eg har ein del strikkeprosjekt på gang som ikkje er ferdige enno.
 Sydde ein sommer dress i tynt bomulls jersey. Både  stoff og mønster kjøpte i på Stoff og stil i Trondheim når eg var de i Vinterferien. den er str. 110 og eg syntest den var kjempelang, men den passa bra til ei jente på snart 5.

 Resten av stoffa er også bomulls jersey. Denne buksa er litt tjukkare leopard mønstra jersey . Tunikaen under er i eit tynt bomulls jersey stoff, og laga i det mønsteret frå Ottobre som eg har laga mange tunika og kjolar av.Det er nok mitt favoritt mønster, Enkelt og greit og sitter utruleg fint. Buksa er også frå Ottobre.

Det blei også stoff til ei lita t- skjorte st.92. Har enno ei liten rest så kanskje det blir til eit dukke eller babyplagg,
Ønsker alle som er innom ein fin sundag.

tirsdag 5. mai 2015

Bermudashorts og sommerskjorte

Har sydd sommerskjorte og Bermudashorts til ein liten gut på snart 2år. Hadde litt rester etter Frost stoffet så eg kjøpte litt blått som eg syntest passa til. Det var litt mykje pirk med kragen for å få den fin. Mønsteret er eit Burda mønster som eg kjøpe i fjor. Blir ikkje mykje sying for tida. Sakspapir og retting tar nesten heile døgnet.

lørdag 25. april 2015

Prinsegensaren

Fann mønsteret til denne gensaren i eit Familien. Der var gensareen i rødt og kvitt. Eg hadde lyst på litt fleire fargar . Synest det blei meir liv i gensaren når det blei striper. Gensaren er rekonstruert etter den gensaren Kong Harald hadde når dei flykta. under krigen. Trur den blei rekonstruert til ein film. Kjekt å strikke eit mønster med litt historisk sus.
Gensaren er strikka i Viking Sport har berre  brukt det  garnet til labbar før.
Ha ei fin helg! Hos meg blir det arbeidshelg. Mykje retting og heildagsprøvar som skal gjerast den siste finishen på og trykkast opp før elevane får dei på mandag morgon.

torsdag 23. april 2015

Luer

Har sydd to små luer av eit nydeleg stoff som eg kjøpte på nette , men det var berre 20 cm att når eg bestilte. Men det blei nok til to luer og så har eg ein lite rest att.

onsdag 22. april 2015

Hønsestrikk

Det er lenge sidan eg har vore innom bloggar no. Fekk ein virus for snart 14 dagar sidan, den har gjort at eg har tilbringa store deler av dagen på sofane. Har strikka litt når eg har orka, men det har ikkje blitt så mykje, Det var ei lita jente som trengte ei ny ullbukse så før påske fann eg fram ein plastpose med rester av ulike babygarn. Det var berre det blå nøste som var eit heilt nøste av alt det andre var berre smårester.
Hadde veldig lyst å strikke hønsestrikk. kjøpte ei bok om det for sirka eit år sidan . Fann også ut at deg kunne søke etter mønster på nettet. Eg har brukt enkelte mønster før, men aldri strikka eit heilt plagg før. Dette var gøy, kjem nok til å bruke desse mønstera mykje meir.
 
 
 
 Eg tok ei og ei bord i gangen så eg hadde ikkje nokon plan når eg begynte å strikk. Buksa blei til menst eg strikka.
Synest den ser litt trang ut, men har brukt måla til ei bukse som eg hadde mønster til.