Viser innlegg med etiketten labbar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten labbar. Vis alle innlegg

mandag 30. mars 2015

Litt småstrikk i påskeferien


 
Herleg med påske.  Sol og fint veir ut. I hagen blomstar påskeliljer og ein del andre vårblomster.
No slapper eg av og nyt ferien med litt handarbeid og turar ute. Venter på sakspapira til fylkestinget rett etter påske så no nyt eg ferien til dei kjem på nettet.
Har strikka labbar til meg og mannen min som TV- strikk. Det er sjelden eg strikkar noko til oss.
Dei er strikka i Viking sport ei godt garn å strikke med, men eg veit ikkje kor slitesterkt det er. Strikkar på pinne nr.5 så det år fort.
Ønsker dere ei fortsatt fin påske med mykje godt handarbeid!

 
 
 
 


tirsdag 20. januar 2015

Labber

 
Dei siste par vekene har forma vore dårleg. Fekk ein forkjølelsesvirus som har slått meg ut dei to siste vekene. I tillegg har det vore mykje arbeid før semester slutt;. retting og karaktersetting. I dag er forma mykje betre så no har eg tenkt å montere ei jakke. Så har eg ei årsmelding frå fylkestingsgruppa som må skrivast. Og så blir det kanskje tid til å fjerne siste delen av julepynten også.
 


Har strikka litt labber inni mellom etter nyttår. Para med rosa og lyseblått er strika i Viking Ragg, Svært mjukt godt garn strikka på pinne nr.5 så det gjekk fort. Strikka det små lyseblå medan eg såg Vestlandsrevyen og Dagsrevyen i går.
Det mørkeblå/ grå er Harry Potter Opal. Dei fleirfarga øverst er også i Opal.
Her er eit nydeleg veir i dag så kanskje det blir ein tur ut også.
Var ein tur i Bergen med helga så då blei det ein liten tur innom Stoff og Stil  så kanskje det blir ei økt med symaskina også i løpet av kvelden.
Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.