Viser innlegg med etiketten babyteppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten babyteppe. Vis alle innlegg

torsdag 7. oktober 2010

Nytt babyteppe


Har strikka eit babyteppe i mønsteret fråStrikk til baby frå Du store alpakka. det er strikka i baby Silk frå Du store alpakka.
Det er mjukt og varmt teppe, kanskje litt upraktisk med eit som må vaskast med hand.

Strikkepinnane mine er i bruk sjølv om det kjem litt lite inn her for tida.
Ønsker der alle ei fin helg.

søndag 29. august 2010

Koseteppe til farmor si lille prinsesse.

Blei farmor til ei lita jente på fredag. Det er fyrste barnebarnet vårt.

Har strikka babyteppet "prinsens svøbe"/( heile kongerike) Eg kjøpte tråd og mønster her
Synest det var lettare å strikke enn kva eg trudde når eg såg det. Eg begynte på det for godt 14 dagar siden, men eg har strikka på andre ting inn i mellom. Det er strikka i Regia Silk som er ein blanding av ull og silke med litt syntetisk i. Var litt skuffa når eg såg at det var litt syntetisk i garnet, men det var kjempegodt og strikk og teppe blei veldig mjukt og varmt.
Blei så begeistra for garnet at datteren min har kjøpt meir garn i Bergen og eg er godt i gang med eit babysett av garnet.
Har ikkje blogga det ut teppet enno, så mønsteret kjem ikkje heilt fram enno.

onsdag 28. juli 2010

Nytt babyteppe

Har funne ut at det er like gøy å strikke babytepper som sjal. Blei ikkje noko gode bilde med kvitt på kvitt skal prøve med ein anna bakgrunn i morgon.
Det er strikka i kvitt Dale baby og mønsteret er frå hefte nr.164 frå Dalegarn.

fredag 9. juli 2010

Babyteppe

Har strikka eit babyteppe mens eg har sett på VM i fotball. Det er omlag som å strikke sjal.

Mønsteret fann eg i Sandnes hefte o514. Teppet er strikka i Lanett.

tirsdag 1. juni 2010

Nøstebarns babyteppe

Eg skal bli farmor i august så eg har strikka eit babyteppe mønster og garn frå nøstebarn.
Viser også eit bilde frå hagen, skal ut ein tur å slå plenen no. Resten av dagen går til møte og førebuing av møte.