Andre bilde er utsikt innover fjorden frå kjøkkenglaset.
Eg var med mor mi på noko som dei kalla for " Møteplassen" dei samlast med strikket og drakk kaffi og spiste vafler, neste som ein strikkekafe. Det er ope for alle som vil komme. Dette har dei kvar onsdag. Utruleg koseleg å komme dit, eg tok nokre bilder der, men dei hadde ikkje lyst å komme på bloggen min. Så bilder derfrå får bli ein anna gong.
Siste delen av ferien var vi i Bergen. Fyrste gongen eg har vore der på lenge at eg har hatt tid å berre gå å kikke på ting. Var lenge inne i ein hobbybutikk og så fann eg Stoff og Stil i Åsane. Har leita etter den lenge, men denne gangen fann vi den. Kjøpte litt julstoff. Falt heilt for dette avis stoffet med engler. Trur dette skal bli puter. Kjøpe ein del småting og.
"Klør i fingrane" etter å begynne å sy, men ei har ein bunke med sakspapirer som eg må lese til Fylkestinget som skal være etter helga, og så må eg lage opplegg til elevane mine som dei kan jobbe med når eg er på Fylkestinget.
Ha ei kjempefin helg, håper de har like fint vær som eg har!