Viser innlegg med etiketten baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten baby. Vis alle innlegg

søndag 3. juli 2016

Sommerferie er sytid.

Har dei siste vekene hatt besøk av minste barnebarnet det har gitt inspirasjon til å sy litt sumar kler til henne







Sydde to bobyer med kort arm-.
Ein liten kjolebody med kort arm . Her har eg brukt stoffet til halskanting og kanting langs beina.



Så sydde eg tre små baby bloomer. Mønsteret fann eg her, www.vivtra.no  Dei er sydd i vanleg tynn bomull, No har eg klipt ein snurrekjole st, 6 år som eg skal jobbe med no.

søndag 28. februar 2016

To små sett til ei lita jente


Har laga to bodyar med bukser til ei lita jente, Kjekt å sy slike små plagg, Har funnet eit mønster som er lett og sy og som sitter godt på.
Håper på ein fin sundag med handarbeid. Ønsker alle ein fin sundag.

lørdag 27. februar 2016

Eit lite strikkesett i alpakkagarn

Har strikka eit lite sett st. 6 -9 mnd. Mønsteret til vottane er frå Randi,K og mønsteret til resten av settet fann eg i eit gamalt Viking hefte. Gjekk litt seint å strikke med pinner  2 1/2.
Settet gjorde eg ferdig i vinterferien så jenta fekk det då.
Ser fram til ei fin og avslappande helg, Fyrste helga heim ute rettebunkar dette året. Så det blir litt tid på loftet med symaskina,


lørdag 12. desember 2015

Litt sying siste veka.


Har i løpet av siste veka sytt litt småting
  Her er eit lite sett st.62 Stoffet blei kjøpt i Trondheim i haustferien har sydd litt frå det før og det er enno ein liten rest att. Mønsteret til bodyen er frå Ottobre. Mønsteret til buksa har eg kjøpt på nettet.
 Dette settet er restane frå kosedyr stoffet . Hadde ikkje stoff til armer og bukse så eg fann eit grått stoff som eg syntest passa i fargane. Einaste ribben som eg hadde som gjekk til alle fargane var svart, Er kanskje ein litt trist farge til til ein baby, men syntest det blei litt stilig.
 Dette stoffet kjøpte eg eigentleg til luer, men syntest det passa fint til buker til ei lita jente,
Så ein lita smekke og  ein tights st, 110 . Desse passer til dei to kjolane som eg viste tidlegare.
I dag får symaskina kvile litt. Eg har tre klassesett med halvdagsprøver i matematikk som må rettast før onsdag så det kjem til å ta mesteparten av fritida mi fram til då. Men blir vel litt strikking innimellom, Ønsker alle ei fin adventstid!


onsdag 22. juli 2015

Eit lite sett,

 Har laga eit lite baby sett. sydd ei bukse og strikka jakke og to sett sokker. Sokkane under har eg laga kjempemange av dei sit svært godt på foten. Strikka dei fyrste sommeren for 39 år sidan, når eg gjekk og venta på at min fyrste fødde skulle bli fødd.
I dag har eg rydda litt i garnet mitt. Trur det må bli kjøpestopp ei stund no. Slik at eg får strikka opp litt.

onsdag 8. juli 2015

Regnveir er fint syveir

Det har vore mykje regnveir i det siste så etter eg fekk ferie har eg brukt ved symaskina.
 
 Har sydd ein kort erma gensar og korte bukse til ein liten gut på snart 2. Synest dette kattestoffet var så fint. Hadde på svarte armer ogsvart halslinning så det skulle passe fint til ein liten gutt.
 Har sydd eit lite sett body og bukse st. 50. Tok bilde før eg strauk det så det er litt krøller her og der. Fekk eit godt råd på facebook om å bruk dampstrykejernet på ribb som krøller seg når eg sy, Det funka svært bra.
Fann eil lite stykke stoff med søte puser i stoff restane min blei ei lita bukse. Trur eg har brukt dette stoffet til toalettvesker før.
Ønsker der alle som er innom her ein fin sommer!

torsdag 11. juni 2015

Babynest

Har sydd mitt fyrste babynest, enkelt og greit etter mønster frå stoff og stil. Meste arbeidet var å fylle kantane. God å sitte litt på syrommet og koble av.

lørdag 19. april 2014

Påskeferie

Fyrste delen av påska var det styggeveir med regn og vind, fint veir til å sitte inne å sy i. Sydde fyrst inn bunaden til eldste sønnen. Den var blitt 10 cm for vid. Dette gjekk greit å ta inn. Så brukte eg litt tid til å sy litt til barnebarna.
 Ei sommer bukse til lillegutt
Vår / sommersett til lill
 Tunika / kort kjole og munkekappe i velur til prinsessa

 Jakke med skrå glidelås og jogge dress til lillegutt i samme velurstoffet er eit tynt stoff så det passer fint utover våren.

 Kjole i topp av jersy stoff og skjørt av bomull. Eg likte svært godt dette skillpaddestoffet- Eg har hatt det svært lenge i stoff lageret mitt.
Denne uglekjolen er sydd av eit uglestoff som eg kjøpte på "stoff og stil" i Trondheim i vinterferien. det lilla strikkestoffet til armene og halskanten, er restane etter ein  topp eg sydde til meg for ca.30 år sidan. Alt kjem til nytte; .

 Dette er restane etter ein hette kjole som eg sydde til prinsessa . Denne dressen har ei helt spesiell hette. men den kjem ikkje fram på bilde.
 Strikkar labbar mens eg ser på tv og når eg jobbar med data, blir nokre par etter kvart. Alle desse fekk nye eigarar i løpet av påska,
 
No nyt eg livet saman med barnebarna mine og det nydelege veiret som er her no. Ønsker dere alle ein fin avslutning på påska og håpar alle har like flott veir som vi.

mandag 31. mars 2014

Marius dress til lillegutt

Endeleg ferdig å montere Marius dressen. Har strikka på denne sidan i januar, Det var svært vanskeleg å sjå dette mørkeblå garnet. Eg har berre strikka på den i dagslys. Trengt godt lys til å montere den, så det også tok eit par dagar. Eg er ikkje så veldig glad i å klippe i strikk så det tok litt tid å kvi seg til det også.
 kjøpte nokre fine små metallknapper som eg syntest passa svært godt i dressen, fekk dei ikkje så godt fram her. Dressen er strikka i SISU og mønsteret fann eg i Marius bok.

torsdag 13. mars 2014

Sykveld etter jobb i dag.

 I kveld har eg kosa meg med symaskina. Laga ferdig to små sett som har leie ei vekes tid og venta på at eg skulle sy på dei brune kantingan. Øverst er ei lita bukse og ei trøye st. 74. Underst er ein tunika i samme stoffet og ein tights i samme stoffet som kantingane st.3år. Alt sydd i tynt  jersey stoff.
Ønsker alle ei fin helg, med mykje handarbeid. Med meg blir det Venstre helg med hotell overnatting og mange møter. Men har rikeleg med garn med så det blir nok strikka litt.

mandag 24. februar 2014

Litt sying og strikking

Eg er nett komen heim frå ein travel men koseleg ferie. Har vore både i Trondheim og Kongsvinger og besøkt familie. Eit lite stopp på Rauma ullvare blei det også tid til på veg til Trondheim. I Trondheim var eg ein liten tur inn om Stoff og Stil. Før eg reiste laga eg ferdig litt til dei to barnebarna. Sist eg var i Bergen var eg innom Stoff og Stil der og kjøpte eit fint løvestoff. 
 
 Det blei ein tunika til  storesøster og ei leikedrakt til lillebror av løvestoffet, begge to passa fint..

Det blei også fleece dresse til begge to.  Dette var ein liten rest som eg kjøpte i Førde.
Tilslutt så har eg strikk litt labbar. Held også på med litt anna strikk når eg har tid, men det kjem bilder av seinare.

tirsdag 28. januar 2014

Labbar og votter til ein liten prins


Har brukt opp litt restegarn . Det kvite er ein rest Silk frå Regia som eg hadde att etter eit baby teppe som eg strikka for nokre år sidan. Den grå er frå eit babysett som eg strikka i haust. Haritage som eg kjøpte på Projo. Mønsteret til vottane har eg kjøpt på Jorid sin mønsterbutikk. Mønsteret til labbane er frå eit ukeblad tidleg på 70-talet..


lørdag 11. januar 2014

Julegåver og litt små ting laga i juleferien.

 

Godt nyttår!

Har ikkje hatt tid å skrive nok etter nyttår! Det har vore travelt på jobb. Har også  vore så heldig og hatt besøk av barnebarna mine med foreldre. Dei to yngste barna mine har også vore heime.

 
 Desse to setta strikka eg til barnebarna til jul . Dei er strikka i babyull frå Rauma. Mønsteret er også frå Rauma. Dei er str. 6 mnd og 3 år. Det er ullbukser til dei ligg under gensaren her så vi ser berre ein liten kant av dei.
 I romjula laga eg ferdig desse små babylabbane
 Sydde ein liten tunikka med kattemotiv og rosa teits til. Tøyet kjøpte eg på Stoff og Stil tidlegare i haust.                                   
                                        

onsdag 18. desember 2013

Baby dress og litt juleforberedelse

 Har strikka ferdig ein liten dress til lillegutt.( et reisestrikk), Enkel og grei å strikke. Strikka på pinne 4 med ein tråd babygarn og ein tråd Plumet frå Rauma. Mønsteret er frå Myk start av May B. Langhelle. Mange fine, enkle modeller med god passform  i den bok.

 
Med helga var vi ein tur på feriehuset vårt. Var å kikka i farmor si julekasse der fann eg denne fine gamle engelen som eg hengde opp på gardina.

 Hengte også opp julestjerne og pynta litt til jul.
Mor mi hadde vore på julemesse og kjøpt dette fine " trekk " til å ha på eit drikkegass med telys i. Det blei kjempefint med lys i. Fekk dette hos mor mi så no står det på bordet her og lyser fint.
I dag har eg fri. Herleg med ein fri dag etter ein svært travel haust. Har to bunker med rettearbeid så eg er ikkje heilt arbeidslaus. Men i dag har eg tenkt å bake til jul, blir nok ikkje sju sorter her.Får sjå kor mykje eg rekk. Ønsker dere alle ei fin førjulstid.