onsdag 18. desember 2013

Baby dress og litt juleforberedelse

 Har strikka ferdig ein liten dress til lillegutt.( et reisestrikk), Enkel og grei å strikke. Strikka på pinne 4 med ein tråd babygarn og ein tråd Plumet frå Rauma. Mønsteret er frå Myk start av May B. Langhelle. Mange fine, enkle modeller med god passform  i den bok.

 
Med helga var vi ein tur på feriehuset vårt. Var å kikka i farmor si julekasse der fann eg denne fine gamle engelen som eg hengde opp på gardina.

 Hengte også opp julestjerne og pynta litt til jul.
Mor mi hadde vore på julemesse og kjøpt dette fine " trekk " til å ha på eit drikkegass med telys i. Det blei kjempefint med lys i. Fekk dette hos mor mi så no står det på bordet her og lyser fint.
I dag har eg fri. Herleg med ein fri dag etter ein svært travel haust. Har to bunker med rettearbeid så eg er ikkje heilt arbeidslaus. Men i dag har eg tenkt å bake til jul, blir nok ikkje sju sorter her.Får sjå kor mykje eg rekk. Ønsker dere alle ei fin førjulstid.

1 kommentar:

Greta Buhagen sa...

Ein koselig dress til lillegutt. Den blir nok god å bruke utover vinteren.
eg sei megferdig egno ja.Bortsett fra at jakka skal bli ferdig i morra. så skal egah mindre ting som skal strikkes til neste jul. Det må eg få ordna. Senk skuldrene og nyt kvelden no