Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaker. Vis alle innlegg

søndag 6. desember 2009

Lefsebaking og solnedgang.

Eg og mor mi pleier ha ein lørdag før jul der vi baker lefser. Eg driv og lærer kunsten. Burde sikkert praktisere det meir enn ein gong i året.

Nydeleg solned gang i kveld.

fredag 4. desember 2009

Bakekveld

I går laga eg smultringer . I kveld har eg laga silkekaker ( sjakkruter kallar nokon dei for)
I fjor ringde den største lokalavisa i fylket og lurte på om vi fylkespolitikarar hadde tid og bake julekaker . Dei lurte og på om dei kunne få ei tradsjons oppskrift frå oss. Så eg bidrog med oppskrifta på Silkekaker, ei oppskrift eg har arva frå mor mi. Oppskrifta her er bilda av ei side i kokeboka vår. Dattera mi samla alle oppskriften som vi bruker mykje; å laga familiekokebok som avslutnings oppgåve på Den kreative Fagskulen.















Oppskrifta på Havremomser fann eg hos Handarbeidsglede Desse falt i smak og var kjempe enkle å lage . Tusen takk for oppskrifta.

søndag 12. april 2009

Litt påske kos.


Eg har baka "kanel i svingan" som vi har kosa oss med.

søndag 21. desember 2008

4.. sundag i advent.

Vi kalle denne sundagen for skolte sundag. Heime var det tradisjon og ha kokte tørka sauhovud til middag denne dagen. Og vi kalla den for skolte sundag. Denne tradisjonen har vi hatt med oss og vi spiser skolter siste sundag før jul.
No er alle " barna" mine komne heim til jul. i dag har dei hatt bakedag og laga pepper kaker. Så no er vi ferdig med bakinga for i år trur eg, må kanskje lage litt meir krumkake og kokosmakroner mellom jul og nyttår, ser det minkar fort.
Har og lagt inn eit par bilde som viser kor fint dei dekorerer pepperkaken



søndag 7. desember 2008

2. sundag i advent.


I dag har eg og datra mi bake litt. Dei brune og kvite kakene heiter Silke kaker. Dei er kjempegode. Lokalavisa trykke oppskrifta for noen dager sidan. Dei ringe rundt til oss fylkespolitere og ville ha oppskrift på julekaker . Mitt bidrag var Silkekaker. Reiser på Fylkestinget i morgon så det blir kanskje litt stilt her dei næraste tre dager. Ønsker dere ei fortsatt fin førjulstid.