Viser innlegg med etiketten sokker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokker. Vis alle innlegg

søndag 22. mars 2015

Lille kanin strømper.

Har strikka to par strømper i mønsteret" lille kanin". mømsteret har eg kjøpt p Jorids mønsterbutikk. Dei er strikka i eit tynt sokkegarn. Eg hadde eit melert garn som gjekk i rosa og eit melert garn som gjekk i blå/ grå toner. Eg ser no at mønsteret ikkje kom så godt fram som eg håpa, men håper dei fell i smak for det.

søndag 5. februar 2012

Det har blitt nokre par strømper dei siste vekene.

Eg har alltid eit par labber på pinnane ved tven og eit par som ligg ved daten. Så eg har alltid to par labber under arbeid. Dei blir ferdig så litt etter litt. Det er godt å ha eit med tv-en som eg kan ta når det er program som treng så mykje merksemd at eg ikkje greier å gjere andre handarbeid. Med PC - en blir det ofte mykje død-tid. Så i staden for å sitte å ergre meg over at det går seint så er det godt å ha eit strikk som ligg der.
Ha ei kjempefin hobbyveke!


søndag 8. januar 2012

Litt ferdig handarbeid i veka som gjekk...

Svigerdatra mi ønska seg posar til handarbeidet så eg lova ho å lage. I jula var vi på Husflidsbutikken i Florø og kjøpte stoff, blonder og strykebilder. No har eg laga to poser til henne
Synest barnebarnet mått ha ein liten pose til sine ting også så eg laga den oliven grønne med gamelrosa band til henne.
Har også strikka litt labba i jula og no etter nyttår dette er eit par som eg strikka til eldste sønnen som blei med til Trondheim. Garnet kjøpte eg i Sverige i haustferien.
Tenkte og eg skulle vise litt bilder frå "utestua" vår som ble ferdig til jul, har jobba på den eit par år. Vi hadde ein loftsaltan som vi hadde problem med lekasje på så vi fann ut at vi skulle bygge den inn nå vi skifta tak for eit par år sidan. Vindua i forkant kan opnast slik at altanen er open når det er sommer og fint veir. Nederste delen blir då rekkverk og øverste tak.

Til slutt vi eg vise eit bilde som eg tok frå altane. Vi hadde nydeleg veir i dag. Eg og mannen min var på ein par timars tur ute i finveiret. Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.

mandag 5. desember 2011

Kort, strømper og grytekluter

Her er litt av det eg har pusla med dei siste dagane.
Eg laga et kort til eit brudepar som skal gifte seg 17.desember.
Eg hadde litt rester av sokkegarn så det strikka eg tre par labber til min lille prinsesse. Godt å ha på kalde dagar.

Tilslutt har eg strikka to par grytekluter til sommer huset mitt.
Mønsteret er frå ei bok frå Rauma og garnet er Pandora frå pt lagt dobbelt.


søndag 9. januar 2011


Har strikka eit par labbar i løpet av helg, kjekt arbeid å ha på hendene når eg sit og rettar med datamaskina.
Garnet er " World " ball" Collor" frå REGIA.
Brukte pinner tre, men trur at eg neste gong vil bruke pinner nr, 2,5.

tirsdag 2. november 2010

jakke og sokker

har strikka lita jakke i Evila Kunstgarn som eg kjøpte når eg var på Maudsgarn på Lillestrøm, mønsterer frå mitt eige hovude, blei litt vid, men det kan tovast.
Sokkane er strikka av restane etter sjalet nedanfor.



fredag 5. februar 2010

Kaninsokker.

Vart ferdig med desse sokkane i kveld. Den røde tråden er rester frå Elgvottane ( Sisu) og den svarte er Baby Ull frå Rauma eit nøste som eg hadde i lageret mitt. Sokkane er størelse 2 år og mønsteret har eg kjøpt hos Muffin

mandag 1. februar 2010

Nye sokker

Datteren min hadde med to nøster med Villmark, eit rosa og eit lyse grønt( skarpe farger). Ho hadde lyst på eit par sokker, ein sokk av kvar farge men helen og tåa skulle være den fargen som den andre sokken var. Håper ho er fornøgd med desse. Tåa og helen er like stor på begge sjølv om den på bildet ser litt større ut på den rosa sokken.

lørdag 19. desember 2009

Nye sokker

Det var noen som trengde varme sokker i dag, så no har eg sote og festa tråder i tre par som eg har strikka i det siste. Dei lyseblå er i eit garn som heiter Crazy som er har kjøpt på Knappehuset i Bergen, dei to andre er strikka i REGINA

fredag 4. desember 2009

Sokkehel slik mor min lager den.

Pøver å vise korleis eg feller helen. Strikker fyrst fram og til bake over halvparten av maskene til sokken, til det er ca 1cm frå den lengda eg vil ha på helen. Feller ei maske på kvar side av dei to midterste maskene. Tre ganger . Så strikker eg til midt på helen på vranga. Så strikker eg to masker vridd saman.




Så tek eg den nyemaska tilbake på pinnen

Snur arbeidet og strikker to vrangt saman på retta, og tek den nye maska tilbake på pinnen, snur arbeidet og strikker to vridd saman på vranga .
Fortsetter slik til det står att to masker. tek opp masker på begge sider av helen. Blei litt uklare bilder, men håper at de ser korleis eg strikker.
I morgon skal eg ein tur til mor mi å bake lefser, og så håper eg at eg får tid til ein tur ut å plukke eine og. Eine synest eg er det finaste grønne å pynte med til advent og jul.

tirsdag 1. desember 2009

Labber, advent og blomster i snø

Har vore heime i dag, ein heil dag uten noko i avtaleboka. det synest eg er godt. Har pynta litt til advent, rydda litt og aller mest slappa av. Ute er det snø, men rosa og lobeliane i altankassen blomstrer fortsatt. har og festa trådane på eit par labbar.Labbane er strikka i REGIA garn. Øver fortsatt på helen. No skal eg lage middag og nokre kake deige. ha ei fortsatt fin adventstid.

tirsdag 17. november 2009

Nye kopper og sokker.

Desse fine koppane kjøpte vi på Husflidsmessa i Florø med helga. Der var mange utstillarar frå fjærn og nær. Desse har Per Nordnes laga.



















Desse sokkane har eg laga ferdig i dag eg er enno ikkje heilt fornøgd med desse helane så eg får legge opp eit nytt par og ta med til mor mi i helga.
Vi har hatt nydeleg veir i dag så eg har hatt meg ein lang tur i sola. Var innom både stoffbutikken og posten på den turen. Sende labbane , gryteklutane og siste sjalet eg har strikka så no er dei på veg østover. Kjekt med ein dag når eg ikkje må gå etter klokka. Ha ein fin kveld!

søndag 15. november 2009

Strikkehelg

Denne helga har eg slappa av heime. Eg har kosa meg saman med familien og så har eg strikka litt. Vart ferdig med eit nytt sjal kjem bilder seinare. Det ligg til tørk no. Eg har aldri hatt så lite tråd att når eg avslutta eit arbeid før. Det var berre den vesle trå enden, knapt 3 cm.








Eg har og laga ferdig to par labber, eg prøver å lære meg ei helfelling som mor mi brukar. Eg kunne den før, men har heilt gløymt den no. Den ser ut som helen er maska saman, må nok ein tur til mor mi før eg blir heilt fornøgd med den.
Labbane er litt blasse i fargen på bilde.
Dei beige, rosa lyseblå er av Jærgo garn ( som eg kjøpte i Sogndal) og Dei i mange farger er Viking Sportsragg. Synest Viking Sportsragg er eit fjempefint garn å strikke av.

søndag 23. august 2009

Nye sokker

Eg og datter mi hadde ein liten handletur i Bergen på onsdag. Var ein liten tur innom Knappehuset for å kjøpe eit nøste garn, men det blir lett fleire.
Datter mi falt for dette garnet; Regia Soffty. Det var mjukt og herleg å ta på, så vi kjøpte garn til eit par labba. Det stod på nøstet at vi trengt 3 nøster, men eg brukt ca. 1 og eit halvt.
Fargen kjem ikkje så godt fram på bilde; er litt meir farge på dei.
Desse labbane har eg strikka no i helga. Berre heilt enkle. Ser på alle dei fine para som de strikker der ut og tenker at neste gang......., men det blir som oftast berre heilt enkle sokker.

søndag 19. juli 2009

Nye sokker.


Strikka eit par labber til dattera mi i går kveld. Mønster er frå mitt eige hovude. Dei er strikka i Mandarin Petit på pinner nr.3 . Så det gjekk raskt unna. Eg brukte ca. 40 g. garn

mandag 6. juli 2009

Litt handarbeid i varmen.

No forsvant sola frå altanen min, så då tenkte eg at det var på tide å gå inn og skrive eit nytt innlegg.
Har strikka eit par sokker i Viking sportsgarn.
Har laga to kluter i bomulls garn som eg har kjøpt på Rauma Ulvarefabrikk. Det kvite var heilt nydeleg, det låg i ein pose med bomullsgarn som eg kjøpte for 20 kr. det var ingen lapp på det men neste gang eg reiser til Raum skal eg inn og leite etter det.

mandag 29. juni 2009

Kanskje litt feil årstid........

å tenke på labber og peisved. Labbane strikka eg når eg såg TV på fredag og i går. Veden under har far min saga kappa og laga klar til peisen. Far min er 87 år gamal.Han har saga utruleg mykje ved dei siste åra. I løa i bakgrunnen har han store lager med ved.

fredag 17. april 2009

Labber i bomull.

Dattera mi hadde kjøpt 2 buntar med Sirdar Spree, som ho hadde lyst å ha låge labbar av. Det blei faktisk to par av det. Eit herleg mjukt bomulls garn som eg har strikka på pinner nr.6. Ønsker dere alle ei fin helg.

onsdag 1. april 2009

Har ikkje gått heilt i dvale.........

Har ikkje heilt gått i dvale. Har strikka litt dei siste dagane og. Har strikka eit Baktussjerf i Bris og eit par labbar i Viking sport.
Har hatt det litt travelt med mange prøvar som skal rettast og mange sakspapir som skal lesast.
Eg har brukt symaskina og, men er ikkje heilt ferdig med det enno, men det kjem snart.
No går det mot påske og litt fri, skal bli godt.

fredag 13. mars 2009

Litt småstrikk som er blitt ferdig denne veka.

Eit par sokker strikka i ON line på pinne nr.3 er ferdig. Desse var enkle å få nesten like. Så har eg strikka eit sjal til av sokkegarn Fabel denne gangen. Bildet blei ikkje så godt, men fargane passar bra til ei av draktene mine.
Ønsker alle som er innom her ei god helg!