
Fyrst TUSEN TAKK til
Elisabeth som fann mønsteret som eg etterlyste på ein nett butikk, så no har eg bestilt det.
Så har eg strikka to nye luer til svigerinna min.
Ho ønsker seg nokre som var små og i bomull.
Øverste lua er i melkegarn, den er svært mjuk og god. Strikka meg ein topp i melkegarn for eit par år sidan. Den synest eg var god når det var varmt i veiret.
Den nederste er strikka i Catania Color Fashion.
Eg var litt i tvil om denne fargen, men datter min syntest den var fin, så eg kjøpte den sjølv om eg var litt i tvil. Dette var eit av nøsta eg kjøpte i Bergen. Var svært nøgd med lua når den blei strikka. Det var god" hold " i garnet , så sjølv om det var tynt garn så står det fint.