Eg tenkte no når eg hengde oppatt gardinene etter jul, at eg må lage løparen før gardinene er utslitt. Så i forge veke hadde eg meg ein tur på sybutikken og kjøpte stoff som passa til motiva på gardinstoffet. I tillegg til løpar vart det også stoff til 12 spisebrikker. Eg har laga 4 av dei, medan dei andre berre er klypt ut. Har enno ein del stoff att så kanskje det blir noko meir til kjøkkenet.
Hadde sydag lørdag formiddag så då blei desse til.
Ha ei fin hobbyveke alle sammen.