tirsdag 7. februar 2012

Ny løper og spisebrikker til kjøkkenbordet.

Eg hadde litt stoff att etter at eg laga nye kjøkkengardiner for ein del år sidan. Dette har eg hatt planer om å lage løpar til kjøkkenbordet av.
Eg tenkte no når eg hengde oppatt gardinene etter jul, at eg må lage løparen før gardinene er utslitt. Så i forge veke hadde eg meg ein tur på sybutikken og kjøpte stoff som passa til motiva på gardinstoffet. I tillegg til løpar vart det også stoff til 12 spisebrikker. Eg har laga 4 av dei, medan dei andre berre er klypt ut. Har enno ein del stoff att så kanskje det blir noko meir til kjøkkenet.
Hadde sydag lørdag formiddag så då blei desse til.
Ha ei fin hobbyveke alle sammen.



8 kommentarer:

Greta sa...

Hei hei. Kjempestilige spsiebrikker og løper. Veldig lurt å ta att ein del av stoffet fra gardinene. desse var berre lekkre. Du er jammen kreativ og flink. Ha ei flott uke du også

Orlaug sa...

So flott det vart...fint med det motivstoffet.
Og so 12 brikker,då.......ikkje noko "pusleprosjekt" du set igong med akkurat.
Vert stilig!
Ha ein fin dag!

Sissel sa...

Så flink du har vært, fin løper og brikkene blir supre ved siden av.

Ingunn sa...

Nydelig løper og spisebrikker, stilig rett og slett. Får mer og mer lyst til å lære meg å sy bedre når jeg ser slike fine ting. Men så er den strikkinga som er så morsom, da.... Ha en fin dag!

Bodil sa...

Så flotte dei var, og så nydeleg stoff :) Lurt å sy brikker i same stoff. Ha ein fin kveld :)

injosa sa...

Nydelege løpar og brikke, blir nok ein nytelse på kjøkkenet.

Rita sa...

Kjempeflott løper og spisebrikke :D Er selv veldig glad i slike toile stoffer :D
Ha en flott og kreativ uke!!

Bestemor Drillo sa...

Kjempestilig ! Artig med noe nytt til kjøkkenbordet!
Ha en fin kveld! Klem!