Viser innlegg med etiketten dvergveddel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dvergveddel. Vis alle innlegg

søndag 11. januar 2009

Ei helg er over



Denne helga har vore prega av stygge veir og virus. Huset rister og eg har tilbringa fyrste delen av helga i senga og resten i sofa kroken. Hadde tenkt å pakke ned juletinga men det får være til ein anna dag. Blenda koser seg under juletreet i dag. Det er kjekt å sjå at ho går ut av buret. Det var vanskeleg å bli åleine. Dei hadde vore to heile tida i dei 5 åra vi har hatt dei.
Eit Kariussjal blei ferdig. Er vel ikkje heilt mine farger dette så det blir vel ei gave. Garnet heiter Calefornia SALDI. Kjøpte dei i Sogndal ein gong når eg venta på bussen etter eit møte.

onsdag 26. desember 2007

Tussi synest ho var ei fin gave.


Laga nytt lappeteppe til dvergveddlane etter sist jul, men dei foretrakk teppet til juletreet i år og. Tussi kosa seg blant pakkane. Det var no litt godt å smake på juletreet og. Ønsker dere alle ei fortsatt god jul.Her hos oss er det fint inneveir, med storm og litt regn.

torsdag 2. august 2007

Sjal

Blenda likar svært godt å "hjelpe" til med handarbeid.
Dette sjalet har eg strikka i eit garn som heiter ALP DAZZEL. Det var artig og strikk, det var 11 ulike efektgarn som var sett sammen i ei hespe. Det var mange fine grønnfarger men dei kom ikkje så godt fra på bilda. Kjøpte garnet på garnbutikken på City syd sist eg var i Trondheim. Garnet var dyrt, men eg har likevel lyst å strikke fleire. Dette har eg tenkt å gi bort i gave. Garnet kan du sjå her

søndag 29. juli 2007

Er dei ikkje søte?


Desse to passer vi. Dei er kjempe snille men to heilt ulike ikkje berre av utsjånad, men og lynne

lørdag 6. januar 2007

Tussi og Blenda

Dei to små måtte og få seg nytt teppe.