Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

onsdag 15. desember 2010

Dåpslue og ny bukse



Har strikka ein dress til barnebarnet mitt. den er strikka i Lanett og er frå babyheftet som kom ut i haust.
Barnebarnet mitt blei døpt med helga og mangla dåpslue til dåpskjolen , så då måtte farmor hekle litt.


søndag 7. februar 2010

Gjennbruk og bilder frå hagen.

Av allle banda som eg får på gaver heklar eg runde brikker som eg setter under varme boller. Dei røde og grønne brukar eg berre med jul, medan den blå og kvite brukar eg heile året.
















Ute i hagen vår ligger det 60 - 70 cm snø. Skimter så vidt benken. Men inne med husveggen har sola tina snøen dei siste dagane og i dag titta noen snøklokker opp. Utruleg men sant. Det går mot vår.

mandag 27. juli 2009

Nytt sjal


Har hekla eit nytt sjal. Eg har ikkje strakt det ut enno, så mønsteret kjem ikkje godt fram på heile sjalet. Det er hekla i Plumet frå Rauma og mønsteret fann eg i eit mønster hefte frå Rauma (081). Brukte heklenål 4.5 så det gjekk raskt å hekle. Det gjekk med knapt 50 g ( 2 nøster)

onsdag 6. mai 2009

Vårleg kjøkkensett.

Har tatt ein pause i rettinga og festa trådane på dette sette. Strikka kluten og hekla gryteklutane når eg var på tur med helga. Eg har brukt Bomull sport frå Gjestal til begge.

mandag 20. april 2009

Nye grytelappar.

Når eg er på Veblungsnes er eg alltid innom Rauma ullvarefabrikk, eg finn alltid mykje spennande der. Eg har eit heilt lager av garn som eg har kjøpt på tilbud der. Her har eg vore i det lageret mitt og funne litt bomullsgarn. Falt heil for den fargekombinasjonen, men den var vanskeleg å lage noko av. Hadde tenkt å lage babysmekke av den men synest den blei rotete når eg hekla fram og tilbake. Strikka eit par kjøkkenklutar av det, men var ikkje heilt fornøygd med dei heller. Men så fann eg dette mønsteret her. Då bestemte eg meg at eg skulle prøve å lage grutekluter av det. Dei er kanskje litt rotete enno, men dei er tjukke og god og fargane var no friske. Dessuten er dei gode og sett under varme skåler. Trur eg betalte 5 kr nøstet for tråden så for 20 kr fekk eg to vakseklutar og to par gryteklutar.

lørdag 22. mars 2008

Påskepynt

Denne "duken " har eg arva den passer akoratt inn i ei lita skål, bruker den til å ha små påskeegg i.