
Når eg er på Veblungsnes er eg alltid innom Rauma ullvarefabrikk, eg finn alltid mykje spennande der. Eg har eit heilt lager av garn som eg har kjøpt på tilbud der. Her har eg vore i det lageret mitt og funne litt bomullsgarn. Falt heil for den fargekombinasjonen, men den var vanskeleg å lage noko av. Hadde tenkt å lage babysmekke av den men synest den blei rotete når eg hekla fram og tilbake. Strikka eit par kjøkkenklutar av det, men var ikkje heilt fornøygd med dei heller. Men så fann eg dette mønsteret
her. Då bestemte eg meg at eg skulle prøve å lage grutekluter av det. Dei er kanskje litt rotete enno, men dei er tjukke og god og fargane var no friske. Dessuten er dei gode og sett under varme skåler. Trur eg betalte 5 kr nøstet for tråden så for 20 kr fekk eg to vakseklutar og to par gryteklutar.