Har strikka ein grytelapp frå boka Kluter. Den blei stor og god, veldig bra! Har ein del kluter som eg har lyst å strikk så det blir sikkert meir frå den boka.
På onsdag hadde vi invitert ei ung dame på raspeballer. Denne fine blomsterbuketten fekk eg når ho kom på besøk
Ønsker alle som er innom her ei fortsatt god påske!
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
fredag 3. april 2015
tirsdag 14. januar 2014
Litt av kvart
På sundag var eg ein tur på Årsmøte i Askvoll Venstre. Hadde ein svært fin tur dit.
Nydelege morgon fargar ute i havet heile tida og med nysnø over alt var det heilt nydeleg. Tok ein god del bilder, men det var svært glatt på vegen så eg greidde ikkje å komme meg så langt frå bilen.

Denne nydelege blomsten fekk eg på Årsmøtet. Den kjem til å lyse fint opp her når eg fjernar all julepynten i dag. Litt seint ute, men mormora mi sa alltid " at Kyndesmyss Knut drikker jula ut" og "Kyndessyss" er 2,.februar. Så innan den tid skal alt være nedpakka hos meg også. Pleier alltid å ta meg ein tur på blomsterbutikken når eg er ferdig, men det slepp i år. Var så heldig å få denne fine blomsten.
Var ein tur innom foreldra mine også på sundag. Fekk desse flotte vottane som mor mi hadde strikka til meg. Hadde ønska meg eit par votter i dette lyse blågrå garnet. Dette garnet har ei spesiell historie. Dette er eit svært mjukt og spesielt tynt ull garn som blei kjøpt på 50/60 tallet for at mormora mi skulle strikke ullundertrøyer til seg og bestefar. Men på den tida kom det fine tynne ulltrøyer som ein kunne kjøpe ferdige. Så garnet blei liggande. På slutten av 70 tallet då dei to eldste mine var små, strikka mormora mi fine sparkebukser til oldebarna sine. No har mor mi arva resten av garnet, ho har strikka nokre varme ullbukser til oldebarna av det, men i det siste har ho brukt det til å strikke vottar av og eit av dei para fekk eg no på sundag. Ønsker dere ein fin handarbeidsdag!
lørdag 24. juli 2010
Roser i hagen
Nydeleg veir her, fint å være ute.
Ønsker alle som titter innom her ei fin helg. Håper alle har like fint veir som vi har no.
tirsdag 6. juli 2010
Farmor sine roser
Desse gule rosene planta farmor i hagen sin når ho var ung. Eg fekk eit lite tre for over 30 år sidan som eg planta i min nye hage, no er det blitt eit stort tre som stå fint saman med dei andre rosene min. Treet til farmor står enno og blomstrer der ho planta det ca. 80 år etter at det blei planta.
fredag 11. juni 2010
Hagen min
tirsdag 20. april 2010
Oskefast i Wien
mandag 5. april 2010
Påska er snart slutt
søndag 21. mars 2010
Babysett og blomster.
Settet er strikka i Bambino ull frå idena og mønsteret er frå bok 79 ( idena). Garn og mønster er kjøpt hos Bjørg på Kongsvinger. Ho hadde sybutikk her i Florø før ho flytta tilbake til Østlandet.
Desse tulipanane fekk eg til forge helg som takk for luene frå svigerinna mi.
Synest dei er like fine no etter ei veke. Eg likar godt tulipaner synest det er vår når dei kjem.
tirsdag 15. desember 2009
Juleblomster??
tirsdag 1. desember 2009
Labber, advent og blomster i snø
lørdag 24. oktober 2009
Boller og blomst
Ha ei fin helg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


