tirsdag 14. januar 2014

Litt av kvart




 På sundag var eg ein tur på Årsmøte i Askvoll Venstre. Hadde ein svært fin tur dit.
Nydelege morgon fargar ute i havet heile tida og med nysnø over alt var det heilt nydeleg. Tok ein god del bilder, men det var svært glatt på vegen så eg greidde ikkje å komme meg så langt frå bilen.


                                            
Denne nydelege blomsten fekk eg på Årsmøtet. Den kjem til å lyse fint opp her når eg fjernar all julepynten i dag. Litt seint ute, men mormora mi sa alltid " at Kyndesmyss Knut drikker jula ut" og "Kyndessyss" er 2,.februar. Så innan den tid skal alt være nedpakka hos meg også. Pleier alltid å ta meg ein tur på blomsterbutikken når eg er ferdig, men det slepp i år. Var så heldig å få denne fine blomsten.  

 Var ein tur innom foreldra mine også på sundag. Fekk desse flotte vottane som mor mi hadde strikka til meg. Hadde ønska meg eit par votter i dette lyse blågrå garnet. Dette garnet har ei spesiell historie. Dette er eit svært mjukt og spesielt tynt ull garn som blei kjøpt på 50/60 tallet for at mormora mi skulle strikke ullundertrøyer  til seg og bestefar. Men på den tida kom det fine tynne ulltrøyer som ein kunne kjøpe ferdige. Så garnet blei liggande. På slutten av 70 tallet då dei to eldste mine var små, strikka mormora mi fine sparkebukser til oldebarna sine. No har mor mi arva resten av garnet, ho har strikka nokre varme ullbukser til oldebarna av det, men i det siste har ho brukt det til å strikke vottar av og eit av dei para fekk eg no på sundag.
Ønsker dere ein fin handarbeidsdag!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Nydelig bilder og herlige blomster.Skjønner godt at du vart glad for desse her.
åfor noe skjønne votter og med den historia på garnet så kjem du nok til å verte ekstra glad i dei. Slit dememd helsa som bestemor mi sa.klem

Stubbetufsa sa...

Nydelige votter mor di har strikka!
Ang. mine votter så er de tova først, etterpå broderer jeg.