Synest det er flott med snø på trea. Det er meldt sterk vind til helga så det blir ikkje liggande så leng så fint. Har tenkt å ha ei koselege innehelg. Eg skal slappe av og sikkert strikke litt.
Ei god helg ønsker eg alle som er innom.
Denne altankassen sette eg på golvet på altanen rett utfor stua fordi den hadde så fine blomster når eg tok den ned. Framleis blomstrer roser og nelliker i den. Lurer på om dei kjem til å blomstre året rundt.Utfor inngansdøra står ei krukke med fine blå klokker, desse pleier å overvintre, men visner ned om vinter. Eg pleier å sett nokre grønne greiner i den om vinteren . I dag oppdaga eg at desse blå klokkene var begynt å blomstre.
Desse to står ute og helser alle som kjem på besøk til oss velkommen. De greidde seg gjennom stormen natt til julafta og styggeveiret på julafta ( står under tak på nordsida og stormen kom frå sørvest)
Laga dekorasjon til bordet av roser(kjøpt på butikken) + grønt frå hagen.

Har hatt ein tur i hagen med fotoaperatet i dag og tatt bilde av noen av rosene mine. Synest roser er nydelege. Den kvite er ei gamaldags rose og blomstrer berre ein gong.Den har ei svak duft. Den heilt lyse gule( den øverste gule) er den av desse som lukter best, ein svak parfymeduft som er heilt nydeleg. Alle bortsett frå den kvite blomstrer heile sommeren og langt utover hausten. Eg har plukka blomster frå alle desse i desember.
