søndag 15. november 2009

Strikkehelg

Denne helga har eg slappa av heime. Eg har kosa meg saman med familien og så har eg strikka litt. Vart ferdig med eit nytt sjal kjem bilder seinare. Det ligg til tørk no. Eg har aldri hatt så lite tråd att når eg avslutta eit arbeid før. Det var berre den vesle trå enden, knapt 3 cm.








Eg har og laga ferdig to par labber, eg prøver å lære meg ei helfelling som mor mi brukar. Eg kunne den før, men har heilt gløymt den no. Den ser ut som helen er maska saman, må nok ein tur til mor mi før eg blir heilt fornøgd med den.
Labbane er litt blasse i fargen på bilde.
Dei beige, rosa lyseblå er av Jærgo garn ( som eg kjøpte i Sogndal) og Dei i mange farger er Viking Sportsragg. Synest Viking Sportsragg er eit fjempefint garn å strikke av.

8 kommentarer:

Muffin sa...

Gratulerer med den vesle trådresten, hehe, ja det var bare så vidt det rakk!
Så mye fint du har strikket, liker de duse fine fargene du har brukt.

Stubbetufsa sa...

Hei, Malla!
Huff, jeg syns det er nifst hvis jeg får en trående som rest, eller hvis jeg på en butikk skal betale rundt tall. Her om dagen betalte jeg akkurat 200 kr. Nifst.
Men det skal bli artig å se sjalet!
Og du har strikka fine lester. Jeg kan ikke den hælfellinga fra din mor, men det hadde vært artig å lært, hvis du kunne vise en gang!
Takk for mange koselige kommentarer hos meg!
Klem!

Linda sa...

Heisann, slik hel har eg lart av bestemor mi. Ho strikka alltid slik hel, men eg trur ikkje det er så mange som strikkar den slik. Virkar ikkje slik når ein ser alle strikkalabbane rundt om kring.

snakkemunn sa...

Fine sokker i duse farger. De ser så delikate ut. :-)

Ann Tove sa...

Heldig med å ha akkurat nok garn til sjalet.
Den helfellinga brukar eg og, og har lært den av mi mor:)
Viking-garnet er mjukt og godt, er nett ferdig med eit par labbar i dette garnet sjølv.
Ha ein fin søndagskveld.

Bodil sa...

Så flotte fargar på sokkane, og sjalet ser jo lekkert ut :)

Bestemor Drillo sa...

Fine sokker du har strikket!
Sjalet får vi vel se senere ?
Ha en fin dag i morgen!

Greta sa...

Flotte sokker. Eg skal til sogndal ein tur før jul, tror eg. Er garnbutikken i senteret?
Likte spes godt det garnet med beige i.
Gler emg til å sjå det ferdige sjalet ditt.
Kjekt med sånne helger ein berre kan slappe av og kose eg med familien, når ein har det så travelt som du har det i kvardagen.
Ha ei flott uke min venn