onsdag 22. april 2015

Hønsestrikk

Det er lenge sidan eg har vore innom bloggar no. Fekk ein virus for snart 14 dagar sidan, den har gjort at eg har tilbringa store deler av dagen på sofane. Har strikka litt når eg har orka, men det har ikkje blitt så mykje, Det var ei lita jente som trengte ei ny ullbukse så før påske fann eg fram ein plastpose med rester av ulike babygarn. Det var berre det blå nøste som var eit heilt nøste av alt det andre var berre smårester.
Hadde veldig lyst å strikke hønsestrikk. kjøpte ei bok om det for sirka eit år sidan . Fann også ut at deg kunne søke etter mønster på nettet. Eg har brukt enkelte mønster før, men aldri strikka eit heilt plagg før. Dette var gøy, kjem nok til å bruke desse mønstera mykje meir.
 
 
 
 Eg tok ei og ei bord i gangen så eg hadde ikkje nokon plan når eg begynte å strikk. Buksa blei til menst eg strikka.
Synest den ser litt trang ut, men har brukt måla til ei bukse som eg hadde mønster til.

5 kommentarer:

mimouna sa...

Hønsestrikk er gøy! Vi er vel i en årsklasse som strikker teknikken for andre gang, husker jeg strikket mange gensre i slikt mønster på 70/80-tallet. Supert til restegarn, og veldig gøy med alle figurene på buksen. :)

malla-b sa...

Ja hugsa godt at vi strikka det på 70 talet!

Greta Buhagen sa...

Kjempefin bukse. No fikk eg lyst til å strikke noko av det att eg og. HAr ikkje strikka mye i det eg. LAgde noen lange strømper for vel halvanna år siden. Det var gøy. Tenker den store lille jenta di blir overlykelig når ho får denne. Ha ein flott kveld

Ingunn sa...

Denne buksa ble skikkelig fin! Artig med så mange ulike mønster, og kjekt med restegarnsstrikk.

God bedring fra Ingunn

Bodil sa...

Så kjekt å få ei bukse med så flotte figurar på :)