onsdag 4. mars 2015

Dilla på sokker

Lenge sidan eg har vore innom her. Hadde ein fin vinterferie i veke 8. Blei litt mykje kjøyring, men eg strikka nesten heile tida.. Var fyrst på Veblungsnes, Der hadde eg meg ein lang tur innom Rauma Ullvarefabrikk . Kan gå der med god samvet, mannen min besøkt bror sin som bur i eit av nabohus.
Hadde ikkje tenkt å kjøpe så mykje , men det blei no ein full plastpose.
Reiste til Trondheim, hadde ein kjempefin tur over Dovre medan vi høyrde om alle vegane som var stengde lenger sør, Til slutt var vi ei halv veke i Kongsvinger.
På turen fekk eg dilla på å strikke regnbuesokkar frå Hillesvåg.
 Strikka tre pakkar i løpet av vinterferien det gjekk ganske raskt.
Av  restegarenet  etter høstsokkane  strikka eg eit litte par sokker til prinsessa. Ho likte godt å få make sokker til mamma. Det var greit å passe dei til etter foten hennar. La opp 32 masker og reduserte med to farger i skaftet.
Har eit par att i blått som eg ikkje er ferdig med, men det blir liggande litt for no held eg på å strikke opp litt rester til votter og labber til dei to små.
No skal eg litt opp på syrommet mitt. Har fri i dag så eg må nyte litt det, men der ligg nokre naturfagprøver og godgjer seg, så må rettast i løpet av kvelden/ ettermiddage.
Ønsker dere alle som er innom ein flott handarbeisddag.

3 kommentarer:

mimouna sa...

Fargerike og gode sokker. Og så kjekt å kunne "parkere" mannen like ved garnutsalget, hihi. Tror jeg hadde plukket med meg litt jeg også, hadde jeg kommet meg dit.

Koselig med like sokker til mor og datter. :)

Unknown sa...

Hei. Fikk lyst til å strikke slke sokker eg også. AKsnkeje g skulle bestilt emg noen pakker etter kvart. Dei er faktsik ganske så stilige.
Masse kjøring på dere ja, men det bruker vel å vere sånn når dere har fri. Må innom dei fleste av avkommet.
Skjønner at gojenta vart henrykt over å få make sokker som mammaen. Kos deg på syrommet du. Prøvene kan du ta seianre hehe

Ann Tove sa...

Storproduksjon på sokker :-) Ser ut som eit kjekt mønster å strikke. Har det liggande, men ikkje strikka det enda. Greit å strikke når ein er på biltur. Det første eg planlegger å pakke når vi skal kjøyre nokon plass er nok garn. Håpar du har kosa deg på fridagen din.