torsdag 31. desember 2009

Ny løpar til nyttårsbordet.


Har hatt denne løparen liggande eit heilt år den mangla berre lukkekant. Fann liksom ikkje den lukkekanten eg hadde tenkt. Så i dag fann eg ut at eg skulle ta den som eg syntest passa best og sy på; slik at eg hadde ny løpar til i kveld.


No er kalkuna kommen i ovnen. Sønnen min held på å lage godteposer til julebukkane. Eg skal berre dekke på bordet med engler og lys i sølv farge. Så er vi klar for nyttårsfeiring her hos oss.
Ønsker dere alle ei fin nyttårsfeiring, og takker for alle kommentarer på bloggen i året som gjekk!

onsdag 30. desember 2009

Godt nyttår!


Ønsker dere alle som titter innom her eit riktig godt nytt år!Med vinter bilde frå Florø
Eg vil også takke for alle kommentarer, eg set stor pris på alle blogg- vennene mine.

tirsdag 29. desember 2009

Hjertelig oppfordring...

Såg på Sido sin blogg ein oppfordring frå Linda om å finne ut kor mange hjerter eg hadde heim. Gav opp å finne ut kor mange eg hadde men her er nokre av dei som finnes rund om i vårt hus. Det øverste er hjerte på utdøra vår.

Så har vi 4 hjerte på julepostholderen vår. Den laga eg for 30 år sidan.



Så har eg 6 julestrømper med hjerte på her er den eine.




På juletreet har eg mange sølv og røde hjerter

På to juledekorasjoner som eg har på stua har eg 12 røde hjerter tilsammen.


Så har eg alle hjerteforma korgene som eg har på juletret

Dette fine hjerte fekk eg hos ein nabo til jul i fjor.

Her er tilslutt to av stoffhjerta som eg har lag mange av. Det finnes fleire av dei rundt om i huset

Nytt sjal


Har strikka eit sjal til ein eldste son min. Det er strikka i Babysilk frå Du store Alpakka, eit nydeleg garn å strikke i, og det blei passe tjukt til den svarte jakka hans. Eg la opp 51 masker og strikka 3 rett og 3 vrang. Eg brukte litt over 3 nøster.

fredag 25. desember 2009

Julehelg.









I dag har vi hatt ein svært avslappa dag. Sett noen filmar og spist godt og slappa av med litt kaffi no og då. Fyrste to bilda er av bordpynten som eg laga i går. mannen min hadde kjøpt 6 røde roser. Eg var ein tur ute i hagen og klipte litt grønt. Fann litt småpynt som eg hadde liggande.

















Blenda elskar å ligge under juletreet. Det er hennar faste oppholdsplass til vi hiv det ut.
I går var ho svært opptatt av pakkane og passa godt på dei.





Måtte også ha med eit bilde frå den nye vinter hagen vår, sjølv om den ikkje er heilt ferdig. Har sett opp der alle plantene som vi redda inn når snøen kom . De kjenner kanskje att rosa som stod ute å blomstra i kulden. Her er også ein del blomster frå mannen min sin 60 års dag tidlegare i haust. Juleduken med nisser på som ligg på bordet fekk eg av mormor min fyrste jula eg feira åleine med mann og barn. Den duken er 31 år gamal, litt bleik i fargen, men eit kjært minne som kjem fram kvar jul. Eg greide ikkje å heil å la strikket mitt ligge, sjølv om eg er oppdratt til ikkje å jobbe på helgedagar. ( er no berre ein hobby, ser ikkje heilt på det som arbeid) Har sote her ute i vinterhagen med strikket og kaffikoppen, mems reste av familien satt rett innafor og såg video. Ha ei fortsatt fin jul alle bloggvenner.

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

Vil med dette ønsker dere alle ei koseleg julehelg.
Huset har eldste sønnen min baka og pynta.
Han er fast kakehus bakar hos oss.





Bollane under har eg og datra min laga i felleskap, det skulle bli nisser, men lua blei ikkje som planlagt. Vi har sote og kosa oss med boller no.

søndag 20. desember 2009

4.de sundag advent.

Har vore på tur i dag og besøkt foredra min og litt anna familie. Øverste bilde er tek utfor huset vårt i går kveld. Treet med lys på utenfor huset vårt ser ut som ei snølykt.








Bilde nr.2 er teke på turen idag. Det er teke rett før vi kjem til Askvoll sentrum

Bilde nr. 3 er teke utan for Vilnes kirke ned mot sjøen.















Var ute på kirkegården og la ned hjerte på gravene til besteforeldra mine.
Desse hjerta laga av tre kjøpte eg for fleire år sidan. Eg pynter dei med mose, grønt, kongler og roser kvar jul.


I dag har vi spist " skolter " til middag, salta tørka sauehaude. Vi kallar denne søndagen for skoltesundag eller skitnesøndag.

lørdag 19. desember 2009

Nye sokker

Det var noen som trengde varme sokker i dag, så no har eg sote og festa tråder i tre par som eg har strikka i det siste. Dei lyseblå er i eit garn som heiter Crazy som er har kjøpt på Knappehuset i Bergen, dei to andre er strikka i REGINA

tirsdag 15. desember 2009

Juleblomster??


Var ut på altane og rissta tepper og sjå kva eg fann der ute.
Rose og nelleker i blomst.
I dag og morgon har eg fri ( må rette litt), så då har eg tenkt å bli ferdig med bakinga og rydde å vaske litt. Har nokre pakker eg må pakke inn og. Så blir det vel litt tid til strikking og.

Julekort - julebrev

I kveld har eg laga eit julebrev på dataen, ein kavalkade over livet her hos oss. Eg har laga ein del skal ( kort) som eg limer dei inni. Eg prøvde ein ny teknikk, når eg hadde laga trykket av julenissen og av god jul strødde ei eit pulver på. Varma opp arket over kokeplata og så blei det tjukkare.
Ønsker dere ei fotsatt fin førjulstid.

søndag 13. desember 2009

Lucia

I dag har vi kosa oss med lussekatter og tre tende lys.
Eit lite bilde av gårsdagens solnedgang. Tenkte eg skulle lage/skrive litt julekort mens fårerullen koker.

søndag 6. desember 2009

Lefsebaking og solnedgang.

Eg og mor mi pleier ha ein lørdag før jul der vi baker lefser. Eg driv og lærer kunsten. Burde sikkert praktisere det meir enn ein gong i året.

Nydeleg solned gang i kveld.

fredag 4. desember 2009

Sokkehel slik mor min lager den.

Pøver å vise korleis eg feller helen. Strikker fyrst fram og til bake over halvparten av maskene til sokken, til det er ca 1cm frå den lengda eg vil ha på helen. Feller ei maske på kvar side av dei to midterste maskene. Tre ganger . Så strikker eg til midt på helen på vranga. Så strikker eg to masker vridd saman.




Så tek eg den nyemaska tilbake på pinnen

Snur arbeidet og strikker to vrangt saman på retta, og tek den nye maska tilbake på pinnen, snur arbeidet og strikker to vridd saman på vranga .
Fortsetter slik til det står att to masker. tek opp masker på begge sider av helen. Blei litt uklare bilder, men håper at de ser korleis eg strikker.
I morgon skal eg ein tur til mor mi å bake lefser, og så håper eg at eg får tid til ein tur ut å plukke eine og. Eine synest eg er det finaste grønne å pynte med til advent og jul.

Bakekveld

I går laga eg smultringer . I kveld har eg laga silkekaker ( sjakkruter kallar nokon dei for)
I fjor ringde den største lokalavisa i fylket og lurte på om vi fylkespolitikarar hadde tid og bake julekaker . Dei lurte og på om dei kunne få ei tradsjons oppskrift frå oss. Så eg bidrog med oppskrifta på Silkekaker, ei oppskrift eg har arva frå mor mi. Oppskrifta her er bilda av ei side i kokeboka vår. Dattera mi samla alle oppskriften som vi bruker mykje; å laga familiekokebok som avslutnings oppgåve på Den kreative Fagskulen.















Oppskrifta på Havremomser fann eg hos Handarbeidsglede Desse falt i smak og var kjempe enkle å lage . Tusen takk for oppskrifta.

torsdag 3. desember 2009

To spisebrikker.

I dag har eg laga ferdig to spise brikker . Klipte dei ut og sydde kant rund motivet i fjor. Fann eit fint grønt stoff på sybutikken som eg syntest passa til lukkekant. Er ikkje heilt fornøgd med den lukkekanten , trur eg er litt ut av trening no.
No skal eg bruke resten av kvelden til kakebaking, fann i oppskrift på ein blogg som eg må prøve. Ha ein kjempefin kveld og ei fin adventstid fortsatt.