torsdag 24. mai 2007

Litt strikk


Det blir lite gjort på handarbeidsfronten hos meg for tida. Har ei svært travel tid på jobben no så det er berre å stå på. Vart ferdig med desse labbane i dag når eg så på nyheiten på tv. Dei er strikka i Regia. Det blir litt strikking når eg ser på tv og litt når eg sitter og jobba med data maskina. Her med datamaskina sit eg og strikker på ein tunika i Alpakka garn(øverst) mønster frå Rauma garn.
Har mange planer om å sy når eg får tid. I går var eg inn om sybutkken når eg var hos tannlegen( rett over gata). Kjøpte masse fine stoff og planane er klar.Har og kjøpt litt stoff på nettet, så lappe bøker og Quilte blad ligg ved siden av her dersom eg får litt tid til overs.

Ingen kommentarer: