torsdag 21. juni 2007

Ferie


Etter veker med sensorering, er det godt å berre slappe av. I morgon skal eg berre gå ute i hagen å små rydde, reinske litt ugras og kanskje strikke litt på eit strikk som eg ikkje har hatt tid til dei siste tre vekene.
Desse siste vekene av skuleåret pleier altid være litt hektiske, men i år synest eg det har vore spesielt travelt.
Blomsten på bilde fekk eg på bursdagen min i april frå ei tante og ein onkel . Den blomstrer framleis, men kvar blomst står berre eit par dager.
Gardinene i bakgrunnen hekla bestemor mi til oss, rett etter at vi flytta inn i huset vårt tidleg på 80 tallet.

Ingen kommentarer: