søndag 10. juni 2007

Morgonstund i hagen

I dag gjekk eg tidleg ut i hagen med fotoaperatet. Svært mange av rhododendroane står i blomst no. Eg liker godt rhododendroer. Eg samler på ulike sorter og ulike farger. Skreiv tidlegare i bloggen min at eg hadde 21. Eg talde over idag når eg var ute i hagen, det var faktisk godt over 30 trudde ikkje eg hadde så mange ulike. Dei fleste blomstrer i mai / juni. men eg har nokre som blomstrer tidleg på våren og så har eg eit par som blomstrer seinsommer / haust.
No er og rosen begynt å blomstre. Syrinen står og i full blomst no så det er herlege dufter i hagen. Den øverste rhododendroen feller lauvet. Synest denne er svært fin.
Har ein som er nesten make men den har neste brune blomster.

Rhododendro nr 2 har ein helt svak rosa farge som eg og synest er svært fin.
Den siste har skarpare rosa farge, men også denne er lys. Denn siste står rett ut for inngangspartiet vårt, den er svær og og har vore heilt overstrødd av blomster kvart år sidan vi planta den. Den er ca.10 år gamal.

1 kommentar:

duvi sa...

Du verden så mange fine rododendroner du har da. Jeg har ikke så mange at det gjør noe,har så liten hage. Min stolthet er en blå hibiskus om jeg får blomster på den skal jeg legge ut bilde. Ha en fin sommer