torsdag 1. januar 2009

Kjippen

No er vi nett komne heim etter at vi var og såg på Kjippen ved midnatt. Kjippen er eit karnevallsliknande tog som går gjennom Florø sine gater kvar nyttår, startar ved midnatt og går eit par- tre runder i Strandgata.
I dei seinare år har det vore Barne-Kjippen tidlegare på kvelden. Ungane her i Florø går julebukk ( eller kanskje nyttårsbukk). Vi hadde rikeleg besøk før dei gjekk i barne- kjippen. Vi lager alltid godteposer før dei kjem. Bilde viser restane som blei att. Vi lagar alltid rikeleg, det er godt å ha klart for dei kjem ofte rette før middagen eller under middagen. Dei syng, ønsker oss godt nyttår før dei går vider, dei siste åra har dei gått mot barne Kjippen. Du kan lese meir om den her. Godt nyttår til alle som stikker innom.

2 kommentarer:

Ruth sa...

Godt Nytt År til deg også.

Så gøy å høre om sånne skikker. Jeg liker sånt, jeg. ((klem)))

Trollkåno sa...

Godt nytt år!
Åja, gå julebukk var vanleg i min barndom.Men me budde ute på bygda so det var ikkje so mange som banka på (og alle visste kven me var)
Er opprinneleg frå Førde, men har budd i nabofylket i sør i 37 år, (høyrest skrekkeleg lenge ut.)
Er altfor sjeldan til Førde no, etter mor mi vart borte for 6 år
sidan har det vorte mindre.
Men når eg der MÅ eg berre inn til "Trapp ned". Mykje freistande i hyllene der...
Likte kjempegodt dei kattevottane du har strikka, og ikkje minst julestrømpane...
Ha det godt!