torsdag 5. februar 2009

Votter med snømenn

Fann mønster på votter med snømenn her . Har hatt lyst å prøve det lenge. Det rosa er ein tråd Plumet og ein tråd Babygarn frå Rauma, det kvite er ein rest Babygarn men merkelappen var borte så eg veit ikkje kva merke det er.
Har strikka dei litt mindre enn i oppskrifta, ei lita jente som blir 1 år på sundag skal få dei.
Snømennene kom litt dårleg fram på bildet.

3 kommentarer:

Orlaug sa...

Dei er kjempefine.
Ser litt vanskeleg ut med oppskrift på engelsk, er ikkje nokon racer på det språket , eg.
Måtte nok hatt ordbok......

Ruth sa...

Gøyale votter. Takk for den linken der, den kommer jeg garantert til å bruke.
Få en flott helg.

Anonym sa...

Heldig liten jente som får slike votter. De var søte... Ha en fin helg!