lørdag 6. juni 2009

Sommer her.

Når vi stod opp i dag tidleg så stod denne flotte blomsten utsprungen. den har hatt knupp ei stund så eg har venta på den.
Veiret var fint og vi tok oss ein tur til sommer huset. Eit gamal hus som har vore besteforeldra mine sitt hus. Der slo vi hagen, bortsett frå noen fine område med markblomster. Bilda mine av enga blei ikkje bra.
Men tok med eit bilde av syrina, den stod i full blomst. Plukka med meg ein kjempe bukett som eg har delt på to vaser her heime, så no lukter det syrin i heile huset.
















Nederst er Rhododendroen som står rett utfor inngangsdøra til huset vårt her heime . Kjøpte den til konfirmasjonen til yngste sønnen min for 10 år sidan då var den ein liten busk på 30 cm med 4 blomster, no er den godt 1,5 m og mange blomster.
Ha ei fin helg!

2 kommentarer:

Ruth sa...

Du verden som det blomstrer hos deg. Her har det såvidt begynt. Og nå er det bare 6 grader og sur nordavind. Vi får håpe sommern kommer på ordentlig før det blir høst.

Ha en fin søndag.

Torunn sa...

Flotte blomstrar!! Det er så kjekt når det blomstrar i hagen! Eg har kost meg i bedet i helga,- det er så kjekt å sjå at det kjem knoppar både her og der. ha ein fin søndag.