søndag 30. august 2009

Innhausting

Har vore ein tur til fritidshuset vårt med helga.
har plukka ripsbær, trur det er det seinaste eg nokon gong har plukka ripsbær. Plukka ca 5 l , men då blei været så fælt at eg tok av nettet og let fuglane få resten.
Plukka litt plommer og; eit par liter. Det var nesten ikkje plommer på trea i det heil. Trur der tilsammen er 4-5 liter. I fjor plukka eg 3 stor kasse + at 3 naboer plukka så mykje de dei orka til både sylte, saft og spising.
Det var lite sommer epler og, men rikeleg med haustepler. Plukka eit par bæreposer med eple som eg skal lage gele av resten skal få stå til dei blir søte å gode til å spise, dersom ikkje vinden tek dei før.



1 kommentar:

Ann Tove sa...

Herleg med bær og frukt frå eigen hage. Du er heldig som fekk hauste inn so mykje, slik som veiret har vore denne helga.