lørdag 10. oktober 2009

Slutt på Haustferien.

Har vore ein tur å mala og slappa av i " sommer huset vårt". Det fyrste bilda er av nokre av epletre mine. Desse planta oldefar min på 1920- talet ein gong. Før huset blei bygd på slutten av 1920- talet. Desse epla er kjempegode, men dei egner seg best å spise ( koker ikkje sunde).
Andre bilde er utsikt innover fjorden frå kjøkkenglaset.
Eg var med mor mi på noko som dei kalla for " Møteplassen" dei samlast med strikket og drakk kaffi og spiste vafler, neste som ein strikkekafe. Det er ope for alle som vil komme. Dette har dei kvar onsdag. Utruleg koseleg å komme dit, eg tok nokre bilder der, men dei hadde ikkje lyst å komme på bloggen min. Så bilder derfrå får bli ein anna gong.


Eg har strikka litt i ferien og. Labbane som er bilde av her pluss nokre sjal som kjem seinare. Labbane er strikka i eit alpakkagarn frå Rauma som heiter Iris. Kjempegodt og mjukt. Dette kjøpte eg på tilbud eingong eg var i Romsdalen
Siste delen av ferien var vi i Bergen. Fyrste gongen eg har vore der på lenge at eg har hatt tid å berre gå å kikke på ting. Var lenge inne i ein hobbybutikk og så fann eg Stoff og Stil i Åsane. Har leita etter den lenge, men denne gangen fann vi den. Kjøpte litt julstoff. Falt heilt for dette avis stoffet med engler. Trur dette skal bli puter. Kjøpe ein del småting og.

Til sist måtte eg ha med bildet av ein nydeleg blomst som mannen min fekk til 60 - års dagen.
"Klør i fingrane" etter å begynne å sy, men ei har ein bunke med sakspapirer som eg må lese til Fylkestinget som skal være etter helga, og så må eg lage opplegg til elevane mine som dei kan jobbe med når eg er på Fylkestinget.
Ha ei kjempefin helg, håper de har like fint vær som eg har!

8 kommentarer:

Bestemor Drillo sa...

For en fin tur du må ha hatt !

Flotte bilder og nydelig blomst;)
God tur til fylkestinget! Ha ei fin helg!

Fru Keilegavlen sa...

Kjempeflotte bilete!!! Ha ei fin helg!

Unknown sa...

Det ser ut til du har hatt en fin ferie. Labbene ser herlig ut, men du må vel være forsiktig med de ellers blir det vel hull ganske fort. Ha en fin helg. :-)

Orlaug sa...

So kjekt at du fann innom Stoff&Stil.........eg kosar meg verkeleg der... kunne gått der i timevis. Men so må ein prøve å begrense seg litt, då......
Fine bilde...!
Ha ein god sundag!

Elin sa...

Kjempe flotte bilder, stoffet så nydeligt ut :D

Muffin sa...

Kjempetrivelig! Og epletre, det hadde vært noe det. Men de trives vel ikke her nord på tundraen...

Greta sa...

Det visst ikkje berre eg som har hatt fine høst ferie, skjønner eg.
har ikkje fått med emg at du er fylkespolitiker. Styrer med mye du skjønner eg. Kva for part er du for da?
Dei sokkane såg delig ut.
Ha ei stråalndes uke

Orlaug sa...

Hei!
Har fått tips om at slike fuglar kanskje er å få kjøpt i blomebutikkar....skal prøve det.....var so heldig at systera mi hadde 20 stk liggande, som ho skal sende.....då har eg nok for ei stund.
Ha det so bra!