søndag 23. oktober 2011

Ein travel haust, men strikking blir det alltid tid til...

Denne helga trur eg er fyrste helga sidan sommarferien at eg har vore heime heile helga frå fredag etter jobb til sundag kveld. Eg har reist mykje denne hausten både politisk og privat. Det likar eg godt, treffer mange triveleg mennesker og eg strikkar på reisene. Her er litt av det eg har strikka i løpet av hausten.
Den fleirfarga gensaren er strikka i Baby Wool frå Schachenmayer. Tråden fann eg på trådbutikken i Sogndal når eg var inne der og stod på stand i valkampen. Dei hadde att berre tre nøster med fleirfarga så eg kjøpte litt grønt også slik at det skulle bli nok til ein gensar.
14 dagar seinare var i på eit møte i Sogndal då fekk eg tid til ein liten tur inn om garnbutikken mens eg venta på bussen. då hadde dei fått innatt det fleirfarga garnet og eg kjøpte til ein lite teits også
Knappane til Gensaren kjøpte eg på Kongsvinger.
Dette settet er heilt frå mitt eige hovud. Det blei til mens eg strikka.





























Denne halsen strikka eg mens eg var på haustferie. Den er strikka av eit eit garn som heiter Delano som eg fann på ein koseleg garnbutikk i Charlottenberg.
















Mønsteret til den lysegrønne gensaren fann eg på Knappehuset i Bergen før barnebarnet mitt blei fødd , men trå og mønster blei liggande. Når eg tok fram mønsteret og tråden i sommar såg eg at det var litt lite tråd til str. 1 år. Men så var eg så heldig at eg fann samme tråd og fargenr. på eit nøste i Sogndal . dette nøste låg i ei utsalgskasse med utgåtte nr. Så eg hadde utruleg flaks. .Den er strikka i Cotton Eco frå Schachenmayer, mønsteret er frå eit lite hefte frå samme garnmerke.

Det nederste bilde er det som har rettast farge.















Når eg fekk Familien nr. 20 falt eg for det rosa og brune sett. Så eg gjekk nesten rett på garnbutikken og kjøpte garn. Strikka den i Smart.































Ønsker dere alle ei fin handarbeidsveke er innom mange blogger, men det har vorte få kommentarar frå meg den siste tida,men det skal bli bedre.

8 kommentarer:

Unknown sa...

Utrolig mye fint du har strikket. Så heldig du var som fant nøstet du manglet. Det høres ut som du har en travel tid og det er godt ddu har strikkingen som avkobling. Jeg ønsker deg en god søndag. :))

Linda sa...

So mykje fint du har strikka. Heldige me som har denna garnbutikken i Sogndal. Finst ikkje mange av den. Og så mykje garn som dei har. No går det nesten ikkje å kome inn dørane der for det er komt så mykje nytt. No har det vore 10 kr. på alt garn ute. For å få vekk litt av det som var utgått. Så det var veldig travelt på butikken i går.

Ann Tove sa...

Oi, her var mykje fint. Kjekt å ha handarbeid med seg på reise, får gjort mykje på den måten.

Sissel sa...

Wow, så mye du har strikket. Fine ting:)

Bodil sa...

Du har jammen vore flittig. Og så flotte ting du har strikka :)

Greta sa...

Det barenbarnet ditt treng aldri å fryse og kan skifte ofte i strikkasett trur eg. Heldig tulle det. Masse flott du har laga. Og sånn flaks går det no nesten ikkje and å ha som du med det garnet.
Så bra altså. Ha ei fortsatt fin uke. klem

Anna sa...

åh vilka härliga färger på koftan och byxorna överst :) :) :)

Elisabeth sa...

Det var mange fine plagg til en liten en.. Jeg har også falt for det nydelige uglesettet, men jeg har ikke strikket det enda. Har liksom bare gutter i passende alder innen familien :) Synes kanskje dette passer best til jente...
Ha en fin helg!