søndag 20. november 2011

Etui til rundstrikkepinner og nytt sjal

Fann to runde stoffbiter som kom frå ein kjole som eg hadde på 60 - 70 tallet. Såg at dette var ein fin størrelse til toppen på eit rundpinne etui. Har sakna eit slikt leng, det er alltid vanskeleg å få oversikt over rundpinnane som har lagt ned i ei skuffe. Fann det grønne stoffet i stofflageret mitt; synest det passa bra saman med stoffbitane mine.
Leita etter noko til for og glidelås, men det måtte eg på Florø Husflid for å finne.



Bak på innsida av etuiet har eg laga plass til å tre inn rundpinner, skal skrive nr. på kvar plass. Er plass til rundpinner frå 2 til 9 med alle halve nr. Så no skal det bli orden på rundpinnane mine.
Har sydd heile etuiet med hånd bortsett frå glidelåsen som eg sydde på maskin.


























Har strikka eit sjal til samme garn og samme mønster som det i svart og gråtoner lenger ned.Nærbildet viser dei rette fargane.

3 kommentarer:

Greta sa...

Så lurt med det etuiet da. Har eit etui for lange og eit for runde pinner. Veldig kjekt å ha. Sjølv om eg av og til hm berre elgg dei i korga. Da må eg ha ei oppdrydding til tider.
Vakkert sjal i vakre farger. Du kan det meste du ja.
Ha ei flott ny uke

Bodil sa...

Det var eit flott etui, og for ei smart løysing til rundpinnane :) Og sjalet var jo nydeleg. Ha ei fin veke :)

Idnar sa...

Så flotte etuier.
Jammen har du god tolmodighet når du har sydd dem for hånd.
Ønsker deg en fin andre søndag i advent og en fin uke.